Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 


 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium
Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


Baryton, eller euphonium som det også vert kalla, høyrer til i grovmessinggruppa i korpset. Instrumentet ser ut som ein litt liten tuba. Instrumentet har ei kjegleforma utboring som gjev det ein "fløyelsaktig" klang. Instrumentet er ganske mykje brukt som soloinstrument.

Får å få lyd på barytonen har ein eit munnstykke som ein bles i på ein spesiell måte. Ulike tonar får ein ved stramming av leppene og ved å trykke ned ventilar.

Korleis baryton oppstod kan du lese om her.

Euphonium: 

Baryton/Euphonium

Barytonen er omlag 60 cm. høg. Total lengde på instrumentet er 2,7 meter. Den har eit toneomfang på omlag 2,5 -3 oktavar. Baryton er stemt i Bb.

Litt historikk:

Eit instrument som liknar baryton kan ein finne tilbake i 1830 i Tyskland. Dette instrumentet vart vidareutvikla av Sommer tidleg i 1840-åra til baryton eller euphonium som han kalla det.

Namnet euphonium kom frå  det greske ordet euphonos som tyder søt stemme.