Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 


I brasskorpset, eller brassbandet som det også vert kalla, kan ein spele messinginstrument, også kalla brassinstrument, og slagverk. Treblåsinstrumenta, som ein kan spele i eit janitsjarkorps er ikkje med i brasskorpset.

Fordelen med eit brasskorps er at det er lettare å få god balanse i korpset sjølv med ei lita besetning. Det vanlege talet musikantar i ei brasskorps er ca. 20 - 50 musikantar.

Instrumenta du kan spele i brasskorpset er:

Kornett/trompet
Flügelhorn
Horn
Baryton/euphonium
Trombone
Tuba
Perkusjon

Det første brasskorpset kan ein finne tilbake i 1830-åra på dei britiske øyane.

Messinginstrumenta som vert brukt i janitsjarkorpset og brasskorpet samsvarar mykje, men nokre ulikheiter kan ein sjå. I brasskorpset er det vanleg å bruke althorn og ikkje valthorn, flügelhornet er meir utbreidd og ein bruker ein del soprankornett.

Omlag 1/4 av korpsa i Noreg er brasskorps (1979).