Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

Perkusjon
 


 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


Fagotten er eit av instrumenta i treblåsgruppa. Fagotten er ikkje  så veldig mykje brukt i korpsa.

Ein spelar på fagotten med eit dobbelt rørblad. Ulike tonar vert til ved at ein opnar eller tettar fingerhol og klaffar.

Korleis fagotten oppsto kan du lese her.

Fagott: 

Fagott

Fagotten er eit ganske stort instrument, 1,3 meter høgt. Det har stort toneomfang, 3,5 oktavar. 

Det finst også ein kontrafagott med djupare lyd enn den vanlege fagotten.

Litt historikk:

Fagotten har heilt klart utvikla seg frå eit instrument som vart kalla "curtal" eller "dulcial". Kvar desse instrumenta har utvikla seg frå har det derimot vore vansklegare å kartleggje.

Dei første fagottane vart utvikla av instrumentmakarar som til dømes Denners i Nuremberg. Desse første fagottane hadde tre klaffar. Det vart raskt utvikla ein fagott som hadde fire klaffar, noko som vart standaren det meste av 1700-talet. Desse fagottane hadde mange forbedringar i tonefarge og presisjon.