Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


I dei fleste primitive kulturar hadde ein instrument laga av horn frå dyr. Då ein seinare begynte å lage instrument av andre materiale var det naturleg å etterlikne naturens former. Dette har vore med på å bestemme korleis mange instrument ser ut i dag.

Nokre ting i utviklinga av instrumenta har vorte gjort for å få instrumenta meir praktiske, slik som å rulle røra saman for å sleppe å ha eit unødvendig langt instrument.

Meir om utviklinga av hornet kan du lese her.

Valthornet har tynne rør i forhold til rørlengda, noko som har gjort at valthornet har fått ord på seg for å vere eit usedvanleg vanskeleg instrument å spele. Dette er ei myte som no har begynt å sprekke. Med god undervisning kan ein fint lære å spele på hornet.

Noko som er spesielt med valthornet er at høgre hand vert halde inne i klokkestykket på instrumentet. Tidlegare vart denne handa brukt til å endre tonehøgda. Handa kan også i dag brukast til å endre tonehøgda litt, men hovudbruken no går på å få ulike lydeffektar.

Althornet har vanlegvis tre ventilar. Forma på instrumentet er som oftast som ein tuba.

Valthorn        Enkelt
                    Dobbelt
Althorn

Enkelt valthorn: 

Enkelt valthorn

Enkelhornet kan vere stemt i Bb eller F. Det vert ofte anbefalt å starte med Bb-horn, som det skal vere enklare å spele på, både med hensyn til treffsikkerheit og klarheit. F-hornet sin fordel er at det har meir av den opprinnelege hornklangen. Horna har ulike lengder frå 2,8 meter og oppover.
Valthornet har eit omfang på omlag 3,5 oktavar.

Dobbelt valthorn: 

Dobbelt valthorn

Dobbelthornet krev ein betre fysikk enn enkelthornet. Det vert difor anbefalt å starte med eit enkelthorn og heller gå over til dobbelthorn (F/Bb) etter kvart.
Dobbelthornet vart til rundt år 1900. Ved hjelp av ein fjerde ventil kan dette hornet gjerast om mellom F- og Bb-horn.

Althorn: 

Althorn

Althornet ser ut som ein liten tuba eller eit lite euphonium. Althornet er stemt i Eb.

Litt historikk:

I middelalderen og rennesansen vart det utvikla mange ulike horntypar. Det som i dag er valthornet vart derimot ikkje stabilisert før på 1600-talet. Namnet; valthorn kjem av det tyske ordet Waldhorn som tyder skogshorn, og dette ordet dukka opp omkring år 1700.

Dei første horna kunne berre brukast i ein toneart, det vart difor etterkvart utvikla bøylar som kunne settast på eller takast av instrumentet for å få ein ny toneart. Dei første bøylane vart sett på like etter munnstykket, etterkvart kom det eit system der bøylane vart sett på andre stadar på instrumentet, og lettare kunne skiftast ut.

Ventilhornet kom midt på 1800-talet. Ei stund var ventilhornet og det gamle hornet brukt om kvarandre, før ventilhornet, som ein kunne spele alle tonar på, tok heilt over.

Althornet oppstod på 1830-talet i Austerrike.