|
Tilbake til:
|
Melodisk perkusjon er instrument i slagverkgruppa som ein kan spele melodi, ikkje berre rytme på. Dei fleste av desse instrumenta er i dag kromatiske, med ei oppbygging som liknar pianoet.
Xylofon
Xylofonen har to rekker med trebarar som ein slår på for
å få lyd. Oppbygginga er som pianoet, der den eine rekka barar
tilsvarar dei kvite, den andre dei svarte tangentane.
Klokkespelet er bygd opp av to rekker med metallbarar. Desse er ordna
som pianoet, der den eine rekka tilsvarar pianoet sine kvite tangentar,
den andre rekka dei svarte tangentane.
Lyra kan samanliknast med klokkespelet i oppbygning. Den har metallbarar som er oppbygd på same måten som klokkespelet. Lyra er derimot litt mindre og har ei anna form, noko som gjer at den lettare kan takast med ut, til dømes når korpset skal ut å marsjere. Rørklokker:
Rørklokker oppstod etter eit behov for instrument som kunne etterlikne
kyrkjeklokker. Sidan midt på 1800-talet har ein difor hatt dette instrumentet som
har hengande metallrør av ulik lengde, og dermed ulik tonehøgde.
|