Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

Perkusjon
 
 


Messinginstrumenta er, som namnet seier, laga av messing. Det finst likevel nokre instrument som er laga av messing, men som likevel ikkje høyrer med blant messinginstrumenta. Dette kan du lese om under treblåsinstrument.

Noko som kjenneteiknar messinginstrumenta er munnstykket. Dette er ganske likt på alle instrumenta i messingfamilien.

Med unntak av trombona har alle messinginstrumenta i korpset eit ventilsystem for å spele ulike tonar.

Forma på messinginstrumenta kan ein dele i to grupper.

For å dempe lyden frå instrumeta kan ein bruke ein mute.

Messinginstrumenta i korpset er:

Kornett/trompet
Flügelhorn
Horn
Baryton/euphonium
Trombone
Tuba

Munnstykke:

Munnstykket til messinginstrumenta ser ganske like ut, bortsett frå storleiken. Forma gjer at munnstykka vert kalla "koppmunnstykke".

Munnstykker
Ulike messingmunnstykker

Når ein bles i munnstykka må ein blåse og ha leppene på bestemte måtar for å få lyd.

Ventilar:

Dei fleste messinginstrumenta har ventilar. Ved å trykke ned ein ventil vert røret på instrumentet lenger, og ein får ein ny tone. Kombinasjon av ventilane kan dermed lage mange ulike lengder på instrumentet, og mange ulike tonar.

Pumpeventilar Sylinderventilar

Ein har to typar ventilar. Pumpeventilar har eit stempel som kan forskyvast opp og ned i ein sylinder. Den andre typen heiter sylinderventilar. Denne typen har også eit stempel, men dette vert dreia fram og tilbake. Dei to typane fungerer altså ulikt, men dei utfører den same oppgåva.

Forma på instrumentet:

Forma på messinginstrumenta kan sjå ganske lik ut. Ein skiljer instumenta i to grupper etter forma røret har. Sylindrisk for dei instrumenta der røret berre vert litt utvida frå munnstykket til enden av instrumentet, og konisk, som tyder  kjegleforma, for dei instrumenta som har rør som utvidar seg mykje.

Sylindrisk form, instrumentet utvider seg lite.

Kjegleform, instrumentet utvider seg mykje.
Sylindrisk og kjegleforma instrument.

Mute:

For å dempe lyden på messinginstrumenta kan ein bruke ein mute. Det finst mange ulike typar mutar alt etter korleis ein vil ha lyden. Mutane kan også brukast til å lage mange ulike lydeffektar.

Mute
Mute