|
Andre instrument: Fløyte
Toneomfanget til instrumenta
|
Saxofonen er eit av medlemmane i treblåsgruppa i korpset, sjølv om saxofonane ikkje er laga av tre. Grunnen til at saxofonane får høyre med i treblåsgruppa er delvis munnstykket og blåsemåten på saxofonen. Når ein skal få lyd i saxofonen bruker ein eit munnstykke med enkelt rørblad. Når ein bles vil rørbladet vibrere og ein får lyd i instrumentet. Munnstykket til saxofonen og klarinetten er svært likt. Ulike tonar får ein på saxofonen ved å ha opne eller tette klaffar. Saxofonen har også ein klaff som gjer at tonane vert ein oktav høgare. Saxofonen er det yngste av medlemmane i treblåsgruppa. Utviklinga av saxofonen kan du lese om her.
Dei saxofonane som er mest brukte innanfor korpsmusikken er: Sopransaxofon
Det finst også sopranino-, bass- og kontrabassaxofonar som kan verte brukt i enkelte samanhengar.
Sopransaxofonen har lysast lyd av dei saxofonane eg presenterer her. Den er stemt i Bb. Sopransaxofonen finn ein i nokre janitsjarkorps, men den er ikkje blant dei vanlegaste.Sopransaxofonen er 64 cm. lang. Toneomfanget den har er omlag 2,5 oktavar, men saxofonane har inga klar avgrensning oppover i toneomfang. Altsaxofon:
Altsaxofonen er den nest minste saxofonen. Den er 1.2 meter lang, men på grunn av den bøyde forma er den ikkje høgare enn 74 cm. Denne saxofonen er stemt i Eb. Altsaxofonen er svært vanleg i janitsjarkorps, sannsynlegvis den aller mest brukte av saxofonane i korpssamanheng. Tenorsaxofon:
Tenorsaxofonen er også svært vanleg i korpset. Tenorsaxofonen er stemt i Bb. Den har ei lengde på 1,4 meter, men den bøygde forma gjev ei høgde på 79 cm. Tenorsaxofonen sitt toneomfang er på 2,5 oktavar. Barytonsaxofon:
Barytonsaxofonen er saxofonen med djupast klang, og høyrer til i bassgruppa i korpset. Barytonsaxofonen er stemt i Eb. Den er 1,1 meter høg. Toneomfanget er på 2,5 oktavar. Barytonsaxofonen var muligens den første saxofonen som vart laga.
Saxofonen som altså er det yngste av treblåsinstrumenta vart konstruert på 1840-talet av klarinettisten og instrumentmakaren Adolphe Sax. Han ønskte å lage ein rikare klang i treblåsgruppa i militærkorpsa, og samstundes lage betre balanse mellom treblåsgruppa og messinggruppa i korpsa. Saxofonane vert laga av messing. Med unntak av nokre av sopransaxofonane, fekk dei ei bøyd form. Saxofonen vart raskt eit anerkjend instrument og er brukt både i janitsjarkorps, jazzmusikk, storband, danse- og popband, kammermusikk og som soloinstrument. I orkestersamanheng har ikkje saxofonen fast plass, men mange komponistar har laga orkestermusikk der saxofonen er med. |