Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 


 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz

Trombona er eit av messinginstrumenta i korpset.

Det som er spesielt med trombona er at den ikkje har ventilar som dei andre messinginstrumenta. Istadenfor har den ein slide, som kan trekkast ut  og skyvast inn alt etter kva tone ein vil spele.
På grunn av at sliden kan dragast ut så mykje eller lite som ein vil, er trombona unik som det einaste naturlege kromatiske blåseinstrumentet.

Får å få lyd i trombona bles ein i eit munnstykke. Måten ein bles på er også med på å bestemme kva tone ein får.

Utviklinga av trombona kan du lese om her.

Trombone
Basstrombone

Trombone: 

Trombone

Den vanlege trombona har eit ca 2,7 meter langt rør tilsaman. Den kan spele tonar over omlag 2,5 oktavar. 

Basstrombone: 

Basstrombone

Litt historikk:

Instrumentet som trombona vart utvikla frå, "sackbut" dukka opp på 1400-talet som ein versjon av slidetrompet.

Sackbut likna svært på den trombona vi har i dag, den einaste store forskjellen er at trombona har større klokkestykke. (Den delen av instrumentet der lyden kjem ut.) Dette dukka opp rundt 1740 då både komponistar og musikarar ynskte sterkare lyd.

Det har også vore laga tromboner med ventilar, men slidetrombonen er den absolutt mest brukte.