Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 

Tilbake til:
Perkusjon 


Tromme er fellesnemnar for dei instrumenta som har eit trommeskinn festa til ein resonator som forsterkar lyden.
Det finst enormt mange ulike typar trommer rundt omkring i verda. Dei som er med i denne oversikta er berre eit lite utval.

Trommesett
Skarptromme
Stortromme/Basstromme
Pauker
Bongos
Congas

Trommesett: 

Trommesett

Eit trommesett er ei samansetning av fleire ulike trommer og cymbalar, sett saman på ein slik måte at ein persom kan bruke heile settet på ein gong.
Trommesettet vart utvikla i 1930-åra. 
Kor mykje som er med i trommesettet kan variere mykje. "Minstekrava" som er sett for å kunne kalle det eit trommesett er skarptromme, basstromme og ein cymbal. Ofte har trommesetta mykje meir utstyr, som td. tam-tam-trommer og fleire ulike cymbalar som hi-hat, ridecymbal og crash cymbal.

Skarptromme: 

Skarptromme

Skarptromma vert montert horisontalt på eit stativ, eventulet i sele ved marsjering. Ein bruker to trestikker til å slå på tromma med. På undersida av tromma er det montert metalltrådar som kan koplast på eller av. Når desse trådane er påkopla får ein ein karakteristisk "smatrande" lyd.

Stortromme/Basstromme: 

Stortromme/Basstromme

Basstromma står oftast montert vertikalt. Oftast vert det brukt ei klubbe med mjukt hovud til å slå med, i nokre tilfelle vert det brukt to slike klubber.
Storleiken på trommene varierer, oftast har dei ein diameter mellom 60 og 100 cm.

Pauker: 

Pauker

Pauka består av ein metallkjele eller -gryte med eit trommeskinn av  plast eller kalveskinn.
Moderne pauker har ein pedal som brukast til å stemme paukene og å forandre tonen pauka lagar. Det er svært vanskeleg å stemme ei pauke, det vert ofte veldig omtrentlig.
Oftast vert det brukt to eller fleire pauker samstundes så ein har fleire tonar å velje mellom. Paukene har oftast ein storleik på 48 - 81 cm.

Instrumentet kom til vesten frå Tyrkia via Ungarn på 1400-talet.

Bongos: 

Bongos

Bongos er latinamerikanske trommer. Dei kom til vesten, og dermed etter kvart inn i korpsa frå 1940-åra.

Bongotrommene vert oftast spelt i par, der dei to trommene har litt ulik tone, og storleik. Vanlegvis har bongotrommene ein diameter på 15 - 20 cm.

Congas: 

Congas

Congatrommene kjem frå Latin-Amerika. Til vesten kom dei omtrent samstundes som bongotrommene, frå 1940- åra. 

Congas vert oftast spelt parvis.
Trommene har eit tjukt skinn som er hardt spent.

Congas er kjegleforma. Dei er omlag ein meter høge, og har ein diameter på ca. 25 cm.