Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 


 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


Tubaen er det største av messinginstrumenta i korpset.

Tubaen har kjegleforma boring. Den har mellom tre og seks ventilar, etter instrumentet sin storleik.

Munnstykket og ventilsystemet på tubaen fungerer som på dei andre messinginstrumenta, ein kan bruke både ventilane og leppene for å få forskjellige tonar på instrumentet.

Utviklinga av tubaen kan du lese her.

Tuba: 

Det finst tubaar i mange ulike storleikar og stemt på mange ulike måtar.

Bb-tubaen har til dømes ei total lengde på 5,5 meter.
Tubaen kan spele tonar over omlag 3 oktavar. 

Tuba

Litt historikk:

Tubaen er eit relativt nytt instrument i brassfamilien. Prinsippet bak tubaen er deimot svært likt mange av dei andre messinginstrumenta og er derfor ikkje nytt.

Dei første tubaane vart laga i Tyskland og Austerrike i 1820-åra.
Etter 1835 kom fleire instrumentmakarar i gang med å laga tuba, og instrumentet vart meir og meir populært utover på andre halvdel av 1800-talet.