Den gamle Vidneskverna. 
     Spørsmål til skulen!
Evaluering.


Fagleg: 
Det gjennomførte prosjektet har stor fagleg relevans i fleire skulefag. Eg vil ikkje konkretisere dette nærare - det seier seg i grunnen sjølv. Derimot vil eg vise til L97 - generell del under desse overskrift 

"Det meningssøkende menneske". 

-Opplæringen skal ivareta og utdype elevenes kjennskap til nasjonale og lokale tradisjoner - den hjemlige historie og de særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjon i verden. 

"Det skapende menneske". 

-Opplæringen må formidle hvordan levekårene stadig er brakt fremover gjennom generasjoners prøving og feiling, ved famling og forsøk i det praktiske liv". 

"Det arbeidende menneske" 

-Det er en vesentlig del av allmenndannelsen å kjenne vår teknologiske arv - de lettelser i livsforholdene og løft i levevilkårene den har gitt, men også de farer teknologiske nyvinninger har medført. 

"Det samarbeidende menneske". 

-Skolen skal være aktiv som et ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet, der det knyttes nærmere kontakter, ikke bare mellom voksne og unge, men også til lokalt arbeide- og næringsliv. 
 
Til slutt vil eg 
nemne noke som står om prosjektarbeid under prissipp og retningslinjer: 
Vidneskverna står gjenreist på ny mur. 
Prosjektarbeid er ei arbeidsform der elevane med utgangspunkt i eit problemområde, ei problemstilling eller ei aktuell oppgåve definerer og gjennomfører eit målretta arbeid frå idé til ferdig produkr, konkret resultat eller praktisk løysing. Kravet om ferdig produkt, konkret resultat eller praktisk løysing skal gjere sitt til at røynsler, opplevingar og kunnskapar blir formidla og presentert for andre. 

 Sosialt: 
Elevane arbeidde godt i lag. Og dei største og sterkaste var flinke å ta omsyn til dei som var yngre og svakare. 

Det hende nok at det var misnøye med oppgåvene - særleg vart det etterkvart upopulært å dra kvistar og greiner. Då improviserte lærarane og omgrupperte litt og tildelte oppgåvene på andre måtar. 

Frå lærarperspektiv er eit flott prosjekt gjennomført. Det som røynde mest på var all ryddinga av området som var heilt gjengrodd av tre og kratt. Vi trong hjelp til dette utanfor vår skule og det bøtte vi på ved å invitere 6. klasse frå Åheim skule (9 elevar) til å vere med oss ein dag å rydde. Denne klassen skal gå i lag med vår 6. klasse i ungdoms-skulen, så dette var eit fint høve til sosial kontakt og førebuing til neste skuleår. 

Denne dagen var også småskulen ved vår skule (11 elevar) med så det blei mykje ryddingsarbeid. Men vi prioriterte også det sosiale liv med grilling i fjøra og vassing og leik på fjøresanden. Denne dagen er ikkje med på prosjektbeskrivinga. 

Det vart lange dagar for lærarane, men dei fleste høyrde til lokalsamfunnet og tok fritimar og arbeid før og etter skuletid som dugnad. 

Pr. dags dato står Dag 5 att. Dette arbeidet skal utførast første godversdag etter 17. mai. Dette skal gå greitt. Vi har ein likal "oldefar" som vil hjelpe oss med å lage næver og lærarane er dyktige nok til å leie og delta i arbeidet med å torvlegge taket. Treng vi hjelp til praktiske problem som måtte dukke opp, har den lokale snikkaren vår lovt å still opp. 

Ei nytt prosjekt til det vere å få sett kverna i full stand slik at ho faktisk kan male litt korn. Dette vil koste ein del pengar, for mykje må lagast nytt - td kvernkallen - og mykje rundt kvernhuset må utbetrast. 

Men har vi klart det så langt, greier vi nok også resten om viljen og behovet er der. Det endelege målet som vi ser det i dag kunne då vere å få kverna i drift slik at det var mogeleg å male litt korn frå ein eigen liten kornåker nær skulen. Av mjølet kunne vi så bake flatbrød på skulen i samarbeid med nokre eldre frå bygda vår. 
ï ñ