Den gamle Vidneskverna. 

    Spørsmål til skulen!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Gjennomføring.


Som sagt var det 10 elevar som skulle gjennomføre prosjektet. Det var heile tida to lærarar med elevane og tidvis 3 lærarar. I tillegg var snikkaren med i 3 dagar. Elevane vart difor oppdelt i 3 grupper der ein delte slik at det var både jenter og gutar i kvar gruppe og dei var av ulik alder. 

Sjølve prosjektet vart planlagt å vare i 5 dagar og kvar dag var så oppdelt i 3 oppgåver - eller stasjonar - som gruppene skulle innom . I tillegg var det ei reserveoppgåve kvar dag. Det var å drage ris og kvistar frå nedhogne tre til ein jonsokbålplass som låg 100 meter unna. Dette er eit jonsokbål som skulen hjelper til med å samle brenntilfang til kvart år og så møtest ein stor del av bygdefolket og brenn bål ilag. 

Dag 1 - Riving av gamalt kvernhus og lessing på traktor. 

Oppgåver denne dagen: 

  1. Rive kvernhuset og merke stokkane.
  2. Bære dei nedrivne stokkane til ein traktor og lesse på.
  3. Rydde skog og kratt i området.
Dag 2 - Grave fram "den nye muren" 

Oppgåver denne dagen: 

  1. Bere bort rotne trematerialer frå eit gamalt neddotte kvernhus.
  2. Grave laust og fjerne never, torv og jord frå muren og i grunnen.
  3. Rydde tre og kvistar i området.
Dag 3 - Ta ned delar av "nyemuren" og mure han opp att. 

Oppgåver denne dagen: 

  1. Vere med å mure gråsteinsmuren opp att.
  2. Leite opp i elva høvelege flate småstein og heller til murearbeidet. 
  3. Rydde bort tre og kvistar i området.
Dag 4 - Setje opp att det nyrestaurerte kvernhuset. 

Oppgåver denne dagen: 

  1. Bere stokkane og andre materialar frå traktoren og fram til muren.
  2. Vere med å lafte stokkane på plass.
  3. Rydde bort tre og kvistar i området.
Dag 5 - Skjere never og legge torv på taket. 

Oppgåver denne dagen: 

  1. Skjære never .
  2. Skjære torv.
  3. Legge never og torv på taket.
ï ñ ð