|
|
Dette prosjektet vart gjennomført ved Syltefjord skule hausten 1996 og våren 1997. Prosjektet hadde nok ikkje kome på veven til eit større publikum om ikkje forfattaren var nøydd til det fordi han tok vidare-utdanning i informatikk skuleåret 1997/98. Underteikna er levande interessert i kystkultur og oppteken av å ta vare på ein del av dei minna som enno er att - frå ei tid som var. Ei tid som vi som bur her har røtene våre i. Denne interessa har vore sterkt medverkande til at ei stor sjøbu
med 8 gamle båtar i har blitt berga og er no mest like god som då
ho var ny. Denne bua ligg berre 1 km frå skulen vår og har
vore brukt til fleire småprosjekt av skulen.
Det vart søkt om kulturmidlar og kr 20 000 vart løyvd. Ein lokal snikkar som har verkstaden sin ca 200 meter frå skulen tok på seg arbeidet å restaurere kverna for denne summen. Han skulle bygge ho opp att på verkstaden sin. Skulen var aktivt med i denne prosessen. Ja, vi kan seie at skulen var
pådrivar. Vi hadde no greidd å berge kverna, men fleire problem
stod att å løyse. Lærarane og elevane i storskulen fann
at dette skulle vi greie. Dette ville vi lage eit prosjekt på.
|