Mål.
Eit prosjekt tek gjerne utgangspunkt i eit problem.
Vi såg fleire problem som vi måtte løyse om vi skulle
lukkast .
-
Kverna måtte takast ned og fraktast til verkstaden.
-
Muren ho skulle stå på måtte ryddast og reparerast.
-
Den restaurerte kverna måtte fraktast til den nye muren og setjast
opp att.
Eit stort område rundt kverna måtte ryddast for tre og kratt
slik at ho vart godt synleg frå vegen. (Mange turistar hadde tidlegare
stansa og teke bilete av kverna).
Her såg vi straks at dette kunne lærarane og elevane gjere
mykje med, men vi måtte ha hjelp til følgjande oppgåver.
-
Mure opp att deler av grunnmuren og tilpasse han til den
nyrestaurerte kverna.
-
Setje opp att kverna på grunnmuren.
Snikkaren sa seg villig til å hjelpe oss og han stipulerte ein sum
på kr 3600 for dette arbeidet.
Skulen søkte så til oppvekstsjefen om prosjektmidlar og
fekk tildelt den omsøkte summen. No kunne vi berre gå i gang,
men før vi starta ville vi ha klare tankar om kva måla for
prosjektet eigentleg var.
Vi formulerte til slutt - etter ein god del prøving og feiling
- følgjande mål:
-
Ta vare på eit kulturminne som var typisk for kystdistrikta - særleg
for Nordvestlandet.
-
Skaffe oss kunnskap om den gamle gardskverna og livet rundt henne.
-
Gjere området attraktivt for bygdefolket.
ï
ñ ð |