Den gamle Vidneskverna.
   Spørsmål til skulen!
Planlegging og førearbeid.


Vi tok først for oss teoridelen over og i tillegg brukte vi ein del meir av heftet "Gardskverna i sjølvbergingshushaldet". Men den delen av heftet som er sitert ovanfor tok vi særleg grundig for oss. 
Vi brukte også "Bygda vår i eldre tid" av Eline Ulvestad og "Ætte-soge for Vanylven" av R. Emil Sæter 

Det var 10 elevar som arbeidde med teoridelen frå 4. til 6. klasse. Dei vart samansette i grupper på 2 og fekk ulike oppgåver som dei hadde ansvaret for å setje seg godt inn i. Dei skulle legge fram eit skriftleg arbeid som dei så skulle presentere for klassen. 

Presentasjonsmåten var ulik. Nokre valde å berre lese opp , medan andre brukte lydband der opplesinga hadde musikkinnslag og ei gruppe brukte overhead og forteljing frå manuskript. 

  • Dei fem gruppeoppgåvene var å greie ut om: 
    1. Kvernhuset.
    2. Kvernkallen.
    3. Kvernsteinane.
    4. Reiskap i kvernhuset.
    5. Livet rundt kverna.
Sjølve restaureringsarbeidet kunne vi ikkje gjere så mykje med, men vi kunne lære litt av snikkaren korleis lafting vart utført. Dette gjorde vi ved å sende elevane i gruppe på 2 ned på snikkarverkstaden etter nærare avtale med snikkaren. Verkstaden hans ligg som tidlegare nemnt berre ca. 200 meter frå skulen og kvar elev fekk vere med 3 timar. Dei fekk såleis sjå korleis ein laftestokk blei laga og dei fekk delta litt i arbeidet. 

Vi var heldige som kunne gjere det slik, men vi fann at vi kunne ha laga eit minikvernhus som gruppearbeid på sløyden om ikkje snikkarverkstaden låg så nær. 
Grunnmuren skulle også murast opp att for ein stor del og i dette arbeidet kunne vi delta meir i heile prosessen. Vi førebudde oss på dette ved å ta ned delar av muren samstundes som læraren forklarte prinsippet å mure med gråstein. 

Vi planla å bruke 5 dagar på prosjektet. Då skulle vi rive, avdekkje "ny mur", restaurere "ny mur", setje opp att kvernhuset og til slutt torvlegge taket. 
ï ñ ð