Den gamle Vidneskverna. 
    Spørsmål til skulen!
Rammer.


Klassetrinn
Ved skulen var det på planleggingsstadiet 21 elevar frå 1. til 6. klasse. 10 av desse gjekk i storskulen, 4. - 6. klasse. Desse 10 skulle gjennomføre prosjektet, men vi ville invitere med småskulen til deler av prosjektet. 

Skulefag
I samband med prosjektet planla vi eit tema som vi ville arbeide med. Temaet skulle heite : "Bygda vår i oldefar si tid". Det skulle setje gardskverna inn i sin rette samanheng. 

Vi ville særleg arbeide med gamle lokale namn på gardane rundt skulen, og på dei gardane borna kom frå. 

Vi ville også finne ut det vi kunne om nokre gamle husmannsplassar i bygda. 

Så ville vi lære litt om sjølvbergingshushaldet og dei gamle gardstuna. 

Vidare ville vi spørje oss fram til og merke av kvar dei beste kornåkrane i bygda låg, og til sist ville vi ta for oss gardskverna. Først ville vi lære korleis ho var oppbygd og virkemåten. Så ville vi besøke ei gardskvern som er i svært god stand. Denne kverna ligg berre 500 meter frå skulen. Bonden som eig kverna lovde å vere med oss og vise oss rundt og fortelje kverna si historie medan vi var på staden. Til slutt ville vi merke av alle gardskvernene i bygda på kartet og prøve å finne ut kva gardar som eigde dei. 

Vi fann at vi ville bruke desse faga i temaet og prosjektet som inngjekk i temaet: 

Samfunnsfag, natur og miljø, norsk, kristendom med religions- og livssynsorientering, heimekunnskap, kroppsøving, musikk og kunst og håndverk. Faga matematikk og engelsk ville vi halde utanfor. 

Tidsrammer

Til sjølve temaet "Bygda vår i oldefar si tid" ville vi bruke ei veke. I tillegg ville vi bruke ei veke på prosjektet med "Vidneskverna". 

Prosjektet vil vi så gjennomføre slik. 

  1. Ein dag om hausten til å ta ned kverna og frakte henne til snikkarverkstaden. 
  2. Ein dag om våren til å avdekkje og ta ned delar av den "nye" grunnmuren. 
  3. Ein dag same våren til å setje grunnmuren i stand. 
  4. Ein dag same våren til å setje kverna opp att på grunnmuren. 
  5. Ein dag neste vår til å torvlegge taket. 
ï ñ ð