Den gamle Vidneskverna.
    Spørsmål til skulen!
Ressursar.


Dei 10 elevane i storskulen skulle vere med i alle 5 dagane prosjektet varte. Småskulen (11 elevar) skulle vere med i ein dag. 

To og tidvis tre lærarar ville vere med på prosjektet. Den stunda småskulen var med ville det vere opp i 5 lærarar. 

Ein snikkar ville vere med i 3 dagar. Han ville vere betalt med 25 timar frå P-timeramma. Gjenreisningsarbeidet er i full gang. 

Ein "oldefar" som hadde brukt kverna ville vere med litt og gje oss rettleiing og gode tips og ikkje minst fortelje historier frå den gong kverna var i bruk. 

Vi hadde disponibel ein traktorgravar som ville flytte ei stor avlang helle til "nyemuren". Ho var for tung å løfte med hand. Far til ein elev eigde traktorgravaren og ville gjere denne flyttejobben gratis. 

To lærarar ville bruke traktorane sine til hjelp i arbeidet. 

Alt utstyr som t.d. motorsager og anna handverktøy brukte lærarane av sitt eige. 

ï ñ ð