|
|
Det teorigrunnlaget og dei illustrasjonane som no følgjer er henta or heftet "Gardskverna i sjølvbergingshushaldet" som er utgitt av Pedagogisk tenestesenter i Volda i 1974. Forfattaren er Ivar H. Eidheim. Mest alt stoffet er direkte sitat frå heftet. For dei gardar som kunne avle korn til mat, var vel bekkekverna eller gardskverna den beste hjelpar i det daglege kosthaldet. Det var ho som formidla det mest dyrverdige jorda gav: Kornet - Gudslånet - og gav matmjøl til svoltne munnar. - Kor viktig kverna var for fiskarbonden her på Nordvestlandet - går også klårt fram av statistikken frå statens Kornforretning for 1919 og 27 - 29. (Norske Mylnor og Kvernar). Dei 12 kommunane i landet vårt som då hadde flest gardskverner låg alle på Nordvestlandet med Volda på topp med 185 kverner og Dalsfjord på 12. plass med 81 kverner. Men det hadde nok vore langt fleire kverner i tidlegare tider enn då. I 1919 var det gitt opp 7950 gardskverner og i 1929 var dette talet kome ned i 6905 kverner. Men rundt 1830 var det i Noreg mellom 20 - 30 000 gardskverner - og talet var nærast det siste. I dag er talet på kverner som er teke vare på langt under 1000 og berre få av desse er brukande. |