LÆR MEIR OM SOLSYSTEMET
OG
FINN VEGEN VIDARE UT I VERDSROMET
 
Eit undervisningsopplegg om solsystemet der du gjennom ulik bruk av Internett finn fakta og lærer meir om solsystemet. I tillegg er det ein del lenker vidare om du vil lengre ut i verdsromet eller få fleire opplysningar om solsystemet.

Innhald på denne sida:

 Laga av Alf Sigurd Ognedal

Informasjon til elevar

Dette opplegget inneheld følgjande delar:

  1. Sentral informasjon om dei delane som vårt solsystem består av. Denne informasjonen når du ved å klikke på rett knapp i menyen øvst på sida.
  2. I tillegg til denne informasjonen finn du nedst på kvar side også lenker vidare til andre sider på Internett som inneheld meir fakta om kvart emne.
  3. Til venstre i menyen øvst finn du ein modell av solsystemet. Ved å klikke på denne kjem du til ei side med ein modell av dei delane solsystemet består av.
  4. I menyen finst også lenker til:

  5. - Innleiing - denne sida som du nå er på
    - Universet - ei lita innleiing til emnet om solsystemet og universet
    - Oppgåver - ulike spørsmål, oppgåver og forslag til prosjektoppgåver
    - Lenker vidare - ein del interessante lenker vidare ut på Internett for dei som vil arbeide vidare med emnet i eit prosjekt eller liknande. Sida inneheld også vanlege søkemotorar ein ofte nyttar for å finne fram på Internett.
  6. For å arbeide deg gjennom dette opplegget, vil det vera naturleg å ta utgangspunkt i sida med oppgåver. Denne kan gjerne skrivast ut slik at du samlar svara dine på nokre papir.
  7. For at du ikkje skal "gå deg vill" på Internett, vil menyen i overskrifta bli ståande heile tida.
Lykke til vidare med arbeidet utover i det uendelege universet og det nesten like uendelege Internett.

 Til toppen av sida
 
 

 

Informasjon til lærarar

Dette undervisningspplegget er knytta opp til faga Natur- og miljøfag og Samfunnsfag i 8.klasse. Begge desse faga har emne om universet og i Natur- og miljøfagplanen blir IT nemnt spesielt som hjelpemiddel. Samtidig er målet å gje elevane ei innføring i ulike måtar å nytte Internett for å finne svar på oppgåver og som eit hjelpemiddel i eit prosjekt. Opplegget er tenkt som eit supplement til lærebok om emnet og samtidig lærer elevane bruk av Internett. Derfor er det viktig at elevane anten veit litt om ulike måtar å finne søke fakta på nettet eller får oppfølging undervegs.

Organisering:
Elevane skal "leiast" gjennom ulike måtar å nytte Internett ved å løyse ulike oppgåver. Oppgåvene er tenkt utforma slik at elevane beveger seg utover i nettet etter følgjande plan:

  1. Enkle oppgåver henta direkte frå ein innleiande tekst om universet
  2. Finne svar på oppgåver der ein bruker lenker frå teksten over til ei liste med ordforklaringar
  3. Øve seg på planetane i solsystemt med ein modell av delane i solsystemet og ved å svare på/lage oppgåver om planetane
  4. Bruke rekneark som eit hjelpemiddel til å løyse oppgåver knytta til planetane i solsystemet (Rekneark er pensum i matematikk for 8.klasse)
  5. Finne svar på oppgåver ved å leite i oppgjevne lenker ut i verda, også framandspråklege
  6. Finne svar på oppgåver ved å nytte søkemotorar
  7. Oppgåver for å vise at ikkje alt på Internett er fakta men ofte folk sine meiningar (døme: UFO)
  8. Ei samling lenker som hjelp til å finne svar på problemstillingar i eit prosjekt.
For at ikkje elevar utan erfaring med Internett skal "gå seg vill", har eg valgt å nytta ei fast "frame" oppe med dei ulike sidene dei har behov for. Denne er også lagt med breidde 580 pixels for å passe også til skjermar med låg oppløysing.

Noko tidsramme har eg ikkje sett. Dette fordi elevane truleg vil arbeide med svært ulikt tempo ut frå faglege kunnskaper og kjennskap til bruk av IT. Difor har eg også valgt å lage ein del "åpne" oppgåver som ein kan velje å bruke mykje eller lite tid på.

Oppgåvene er også oppdelte i ulike emne slik at ein kan nytte berre delar av dei. Om du skulle ønske å ha oppgåvene utskrivne/endra noko, kan desse lastast ned som ei dokumentfil skrive i Word-6 ved å trykke her: Last ned oppgåvene.
Løysing av kryssord ligg her.

Les også gjennom informasjonen til elevane.
 
Til toppen av sida
 
 
 

Referansar
 
Kva for punkt som skal vera med under kvar planet, stammar frå eit tidlegare prosjekt i ein 7.klasse der elevane sjølve valgte ut kva som var viktig å finne om ein planet.

Litteratur som er nytta for å hente fakta:
 
 
Couper og Henbest:  Damms store bok om universet 
N.W. Damm & Søn A.S 1995 
 
Couper:  Ut i verdensrommet PLANETENE 
NKS-Forlaget 1992 
 
Tveterås (red.):  Bokklubbens 3 binds leksikon 
DnB-gruppen   (Kunnskapsforlaget)
BILETA:

Bileta er henta frå samlinga "The nine planets" som igjen har henta dei frå NASA. Under følgjer to erklæringar frå NASA om bruk av deira bilete:

     No copyright is asserted for these images. If a recognizable person appears in an
     image, use for commercial purposes may infringe a right of privacy or publicity.
     These images may not be used to state or imply the endorsement by NASA or by any
     NASA employee of a comercial product, process or service, or used in any other
     manner that might mislead. Accordingly, it is requested that if these images are used
     in advertising and other commercial promotion, layout and copy be submitted to
     NASA prior to release.

     National Aeronautics and Space Administration, Houston TX 77058
 

     All of the images presented on NSSDC's Photo Gallery are in the public domain. As
     such, they may be used for any purpose. NSSDC does ask, however, that you
     acknowledge NSSDC as the supplier of the data. In addition, where the source of the
     image (by project or as a specific person) is credited in the text, you should also
     acknowledge that, too.

HST - bilete er generelt åpne til fri ikkje-kommersiell bruk, meir om dette her: copyright page.
 
 Til toppen av sida