JUPITER
 

JupiterJupiter er oppkalla etter den høgaste romerske guden, tilsvarande den greske Zevs. Namnet passer godt sidan planeten er den største i solsystemet, så stor at ein kunne stappe alle dei andre planetane inn i Jupiter.

Jupiter er den nest mest lyssterke planeten på himmelen etter Venus. Med kikkert er det i tillegg mogleg å sjå fire av månane som sviv rundt denne giganten i solsystemet.

Oppdaging: Ein har kjent til planeten sidan oldtida og “Den raude flekken” på overflata har ein kjent til i omkring 300 år.
 
Månar: 16 kjente månar

Besøk/bilete: Ein har mange bilete frå teleskop, men dei beste stammar frå fire amerikanske romsonder som har plassert planeten, spesielt frå Voyager 1 og 2 (1979). Å lande på planeten er umogleg då han ikkje har noko fast overflate.

Plassering: Den første av dei store planetane utanfor Mars. Men sidan avstanden frå Mars er så stor, er han den første av "dei ytre planetane".
 
Avstand frå sola: 778 km
Størrelse: 11 gonger så stor diameter som jorda.
Masse: 318 gonger så tung som jorda - inneheld B av all materie i solsystemet når ein ser vekk frå sola.
Tyngdekrafta : 2,6 (Jorda = 1)
Rotasjonatid: 10 timar
Omløpstid: 12 år
 
Den raude flekken på JupiterOverflata
Jupiter har ikkje fast overflate slik som planetane innafor har.

Atmosfære
Planeten er dekka av eit tjukt skylag som danner mørke og lyse striper. Eit typisk kjenneteikn på planeten er “Den raude flekken” som kjem av sterke virvelstormar langs ekvator, denne flekken er tre gonger så stor som jorda. Under skylaget er atmosfæren sett saman av hydrogen, helium, ammoniakk og metangass.

Temperatur: middeltemperaturen i atmosfæren er - 120°C

Anna
Det er ikkje berre Saturn som har ringar, også Jupiter har ein tynn ring langs ekvator. Andre kjenneteikn for planeten er at det kjem sterk radioaktiv stråling frå han og han har eit kjempemessig magnetfelt rundt seg.
 
 


Meir om Jupiter

Jupiter (norsk)
Voyager-prosjektet - Vitskaplege resultat (norsk)
Med Ulysses forbi Jupiter (norsk)
Komet Shoemaker-Levy 9s kollisjon med Jupiter (norsk)
Polarlys på Jupiter (norsk)
Jupiter, med bilete og animasjonar (engelsk)
 
 Til toppen av sida