Utanfor
Pluto finst det eit “skal” av himmellekamar som går i banar rundt
sola, kalla kometar. Dette skalet rundt vårt solsystem tenkjer ein
seg kan strekkje seg halvvegs til den næraste stjerna. Ein trur at
det kanskje er opp mot 100 milliardar kometar.
Oppkalla etter: Den/dei astronomane som oppdagar han, døme Halley
og Hale-Bopp
Korleis ser ein kometane: Ein kan observere kometane først og
fremst når dei kjem ut av sin bane og blir dregne i ein ny bane mot
sola. Komet Hale-Bopp kunne alle sjå våren 1997 då han
var lett å sjå med sin tydelege hale på nattehimmelen.
Oppdaging: E. Halley rekna ut at ein komet som var observert i 1682 ville kunna sjåast att i 1758, han fekk rett og fekk i tillegg kometen oppkalla etter seg. Andre kometar har ein oppdaga når dei dukka opp i teleskopa til ivrige astronomar.
Besøk/bilete: Tidleg i neste århundre planlegg ein at romsonden Rosetta skal lande på ein komet.
Plassering: Ligg i eit “skal” utanfor Pluto, men beveger seg av og til
i banar innover mot sola.
| Avstand frå sola: | Oftast i banar langt utanfor Pluto |
| Størrelse: | Varierer mykje, men eit døme er Hale-Bopp som var omkring 30 km i diameter. |
| Omløpstid: | Når kometane går i banar mot sola, kan dei ha omløpstid på mange tusen år, avhengig av banen. Andre kjem nær dei store planetane og kan då bli pressa inn i ein mykje kortare bane (f.eks Haleys komet). |
Overflata
Meir om kometar
Kometar
(norsk)
Kometar (norsk
artikkel om kometar)
Kometnytt frå Norsk
Astronomisk institutt
Comets,
med bilete og animasjonar (engelsk)