Oppkalla
etter den romerske guden Merkur som var gudane sitt sendebod - dette fordi
planeten beveger seg så fort over himmelen.
Det er mogleg å sjå Merkur som ein liten mørk flekk mot overflata på sola utan bruk av kikkert. Men han er ikkje lett å få auge på om ein ikkje veit kor ein skal sjå etter han.
Oppdaging: Ein har kjent til planeten sidan oldtida.
Månar: Ingen, fordi desse truleg ville bli dregne ut av bane og inn til sola på grunn av den sterke gravitasjonen frå sola.
Besøk/bilete: Planeten vart i 1974 utforska av det amerikanske, ubemanna romfartøyet, Mariner 10 og det er herfrå dei fleste fakta om planeten er samla.
Plassering: Nærast sola, og han er sterkt prega av dette.
| Avstand frå sola: | 57,9 mill. km |
| Størrelse: | 4876 km i diameter |
| Masse: | 5,5% av jorda sin masse |
| Tyngdekrafta : | 0,38 (Jorda = 1) |
| Rotasjonatid: | 58,7 døgn |
| Omløpstid: | 88 døgn |
Overflata
Atmosfære
Merkur har ein svært tynn atmosfære av helium, natrium
og oksygen, minner også i så måte på vår
måne.
Temperaturen varierer frå -170°C til 450°C, middeltemperaturen er 179°C. Dei store variasjonane kjem av at planeten har så tynn atmosfære til å holde på varmen om natta.
Anna
Planeten har ei stor jernkjerne som dannar eit magnetisk felt på
planeten.
Merkur
(norsk)
«Varmepoler»
på Merkur (norsk)
Mercury, med
bilete og animasjonar (engelsk)
Til toppen av sida