I
gresk mytologi tyder Pluto rikdomsgjevar og var eit tilnamn på guden
Hades.
Pluto kan ein berre sjå gjennom store teleskop og då ser ein både planeten og månen sidan forskjellen på størrelsen er så liten.
Oppdaging: Oppdaga i 1930
Månar: 1 måne
Besøk/bilete: Det er ikkje nokon romsonder som har nådd Pluto enno og difor veit vi lite om planeten. Dei beste bileta av planeten stammer frå romteleskopet Hubble. NASA har planer om å lande med ein romsonde på Pluto i 2001 for å finne ut meir om forholda på denne ukjende planeten.
Plassering: Dette er den ytterste av dei 9 planetane, men sidan han
har ein skråstilt bane samanlikna med dei andre planetane, er han
av og til innanfor Neptun. Dette er tilfelle i tidsromet 1979 - 1999.
| Avstand frå sola: | 5913 mill. km |
| Størrelse: | 2248 km i diameter |
| Masse: | 0,25% av jorda sin masse |
| Tyngdekrafta : | 0,04 (Jorda = 1) |
| Rotasjonatid: | 6,4 døgn |
| Omløpstid: | 248 år |
Overflata
Atmosfære
Planeten har ein tynn atmosfære av metan og nitrogen og mange
forskarar trur at denne vil frys og falle ned til overflata når Pluto
etter kvart vil kome langt frå sola i sin bane.
Temperatur: middeltemperaturen er -230°C
Anna
Månen til Pluto, Charon, er så stor i forhold til Pluto
at dei nesten kan kallast ein dobbeltplanet. Nokre forskarar meiner at
det finst endå ein planet utanfor Pluto, men at denne har endå
ein meir spesiell bane enn det Pluto har.
Meir om Pluto
Pluto
(norsk)
Pluto, med bilete
og animasjonar (engelsk)