Sola,
sentrum for vårt solsystem, er ein 5 milliardar år gamal, kjempestor
ball av brennande gass. Denne stjerna er faktisk så stor at ho rommer
1,3 millionar av vår eigen planet, jorda, inni seg, samstundes som
ho berre er rekna som ei gjennomsnittsstjerne. Den brennande overflata
sender lys og varme ut mot alle planetane i solsystemet, utan denne varmen
ville temepraturen på jorda vore omkring -270°C. Og samtidig
har ho så sterk tyngdekraft at ho held alle planetane i sine faste
banar.
Energien frå sola stammer frå enorme kjernefysiske reaksjonar, på samme måte som ein finn i dei frykta hydrogenbombene.
Det er vanskeleg å studere sola på grunn av det sterke lyset ho sender mot oss. Ved å sjå rett mot sola, kan ein få alvorlege skader i augene, fordi varmen som auget samlar inn mot netthinna, kan skade denne. Ein studerer ofte sola ved å fokusere eit bilete av sola mot ein kvit skjerm.
I dag kjenner ein til 9 planetar som går i bane rundt denne stjerna,
og saman med månar, asteroider og kometar dannar det vi kallar for
solsystemet.
| Avstand frå næraste stjerne: | omkring 4,2 lysår |
| Størrelse: | 1,4 millionar km i diameter |
| Masse: | 332830 gonger så stor masse som jorda. Inneheld 98% av all masse i heile solsystemet. |
| Rotasjonatid: | ca. 27 dagar |
Sola består av 92% hydrogen og nesten 8% helium.
Solformørking
Av og til kejm månen i ein posisjon der han står mellom
jorda og sola slik at han lagar ein skugge på jorda. For dei som
bur i dette området vil sola forsvinne i nokre minutt, dei opplever
ei solformørking.
Anna
Sola har sterke magnetfelt rundt seg, og endringar i desse felta skaper
enorme eksplosjonar som ein kallar "flares". Det er ingen fare for at vi
vil oppleve at sola sloknar, truleg vil ho fortsetje å sende sine
enorme mengdar lys og varme mot oss i endå 5 milliardar år.
Meir om sola
Sola
(norsk)
Siste bileta
av sola frå SOHO-teleskopet
The sun, med bilete
og animasjonar (engelsk)