Namnet
Venus kjem frå den romerske gudinna, Venus, kjærleikens og
fruktbarhetens gudinne.
I oldtida hadde planeten to namn sidan ein såg han som ei “Morgonstjerne” i aust om morgonen og ei “Aftenstjerne” i vest om kvelden. Då ein ikkje visste betre, såg ein på desse som to ulike himmellekamar.
Oppdaging: Kjent frå oldtida då han er den mest lyssterke himmellekamen.
Månar: Venus er ein av dei planetane som ikkje har månar.
Besøk/bilete: På grunn av dei ekstreme forholda på overflata kan ikkje noko utstyr ein har utvikla til nå, verke der. Vår kjennskap til planeten stammer derfor frå radarbilete og radarteleskop som romsondar har hatt med seg, dei fleste frå den amerikanske romsonden Magellan.
Plassering: Nærast jorda mot sola.
| Avstand frå sola: | 108 mill. km |
| Størrelse: | diameteren er 12100 km |
| Masse: | 80% av jorda |
| Tyngdekrafta : | 0,9 (Jorda = 1) |
| Rotasjonatid: | 117 døgn |
| Omløpstid: | 225 døgn |
Overflata
Atmosfære
Venus har ein tett atmosfære av 97% karbondioksid, 2% nitrogen
samt mindre mengder helium, vassdamp, svoveldioksid og oksygen. Denne store
konsentrasjonen av CO2 er grunnen til den kraftige
drivhuseffekten (til samanlikning er det 0,03% CO2
i atmosfæren på jorda). Over planeten er det tre skylag som
består av svovelsyredråpar, dette gjer at det aldri er skikkeleg
lyst på overflata. Trykket er 100 gonger så stort som på
jorda.
Temperatur: Middeltemperaturen på Venus er 465°C på grunn av den sterke drivhuseffekten. Dette er endå varmare enn Merkur sjølv om Merkur ligg nærare sola.
Anna
Om du ville besøke Venus ville du bli både kvalt, knust,
steikt og etsa. Han blir likevel ofte kalla søster-planeten til
jorda fordi størrelse, masse, tettleik og volum er så likt.
Meir om Venus
Meir
om Venus (norsk)
Lyn
på Venus? (norsk)
Magellan
avslører Venus (norsk)
Spor
etter vulkanisme på Venus (norsk)
Venus, med bilete
og animasjonar (engelsk)