FRÅ UNIVERSET TIL DEG
 

For å forstå universet, har ein ofte valgt å samanlikne det med ein ballong som blir blåst opp med alle stjerner og galaksar limt på som papirlappar utanpå. Når ein bles opp ballongen, utvider han seg og papirbitane beveger seg frå einannan. På same måte ser ein føre seg at galaksane beveger seg frå einannan, kvar enkelt av dei får stadig større avstand til alle andre. Alle desse galaksane synest å stamme frå ein enorm eksplosjon for 15-20 milliardar år sidan, kalt “The Big Bang”.
 
MelkevegenGalaksen, Melkevegen, som vi er ein del av, er ei samling av mange milliardar stjerner, deriblant den stjerna som er nærast oss, nemleg sola. Rundt sola, som består av eksploderande støv og gassar (kjernefysiske reaksjonar), sviv det 9 planetarelliptiske banar. I tillegg har ein til nå oppdaga 66 månar og millionar av asteroidar og kometar. Den tredje planeten frå sola er jorda, også kalla Tellus.

 Jorda og månenJorda kan samanliknast med ei stor steinkule som spinn gjennom verdsromet med ei mindre steinkule rundt seg, kalla månen. Til forskjell frå dei andre planetane i vårt solsystem, har jorda liv. Viktige forutsetningar for dette livet er vatnet som dekkar store delar av overflata, atmosfæren rundt og sola som gjev oss energi.

I uminnelege tider har menneska lurt på kva som er utanfor jorda. Astronomar har ein hatt i i fleire tusen år og i dei fleste kulturar. Allereie 200 f.Kr. meinte grekaren Aristarkh at jorda og planetane beveger seg rundt sola, men det gjekk mange hundre år før dette synet vart godteke.

Galileo GalileiGalileo Galilei var kanskje den første som effektivt nytta teleskop i observasjon av planetane og såg at Aristarkh hadde rett. Først på 1920-talet oppdaga Edwin Hubble at stjernene var samla i galaksar og at universet utvider seg. Seinare har romfarten gitt oss mange svar gjennom satellittarromsonder, bemanna romfarty osv. Men endå finst det uendeleg mange nye spørsmål og like mange svar omkring universet. Og vanskane med å få nøyaktige svar forstår ein når det vil ta eit romskip med farten 50000 km/h 80000 år å nå den næraste stjerna utanfor solsystemet.
 
Universet har også gjeve grobotn for mykje mystikk. Både religionar, astrologi og synet på UFO-ar er knytta opp mot synet på våre fjerne omgjevnader. Håper at også du gjennom denne vandringen i "vår universielle nærleik", solsystemet, vil forstå litt meir av det som er rundt deg.
 
Tilbake til toppen av sida.