EI SAMLING ORDFORKLARINGAR FOR ORD SOM DU KJEM BORTI I TEKSTEN "FRÅ UNIVERSET TIL DEG"
 

ASTROLOGI
Eit namn på kunsten å tyde framtida ut frå planetane si stilling blant stjernene. I antikken var dette ein ansett vitenskap, nå blir det i større grad sett på som overtru.
 Tilbake til universet 
 

ASTRONOMAR
Astronomar er forskarar som studerer alt dei kan finne i universet, vha. auge kikkertar, måling av stråler, romteleskop, satellittar ol. Det er desse forskarane som har gjeve oss opplysningane som gjer at vi kan danne oss eit bilete av korleis solsystemet, galaksar og universet ser ut, i den grad vi klarer dette.
  Tilbake til universet 

 

ATMOSFÆRE
Atmosfæren er det laget av gassar som finst rundt planetane. Desse laga av gass er med og avgjer mykje korleis forholda på planeten er, både når det gjeld temperatur, sjanser for liv og beskytting mot farlege stråler frå sola.
 Tilbake til universet 
 
 

ELLIPTISK BANE
Ein bane som liknar mykje på ein sirkel, men han er "utdregen" slik at han er avlang, også kalla ellipse-form.
 Tilbake til universet 
 
 

GALAKSE
Galaksane er sett saman av gass, støv og milliardar av stjerner og planetar. Ein deler inn galaksane i tre ulike grupper: elliptiske, uregelmessige og spiralforma, dei fleste har ellipse-form medan vår galakse, Melkevegen, er spiralforma.
 Tilbake til universet 
 
 

GALILEI
Naturforskar som har fått æra for å ha funne opp dei første kikkertane samt som astronom; oppdaga månar til Jupiter, solflekkar og anna.
 Tilbake til universet 
 
 

HUBBLE
Stort teleskop som NASA har plassert i rommet for å forske på fjerntliggjande himmellekamar. Denne er oppkalla etter den amerikanske astronomen Hubble.
 Tilbake til universet 
 
 

KJERNEFYSISKE REAKSJONAR
Dette er samme type reaksjonar som ein nyttar i atomvåpen. På sola skjer dette når hydrogen blir omdanna til helium.
 Tilbake til universet 
 
 

MÅNAR
I vårt solsystem er det om lag 60 kjente månar. Månane kan samanliknast med satellittar som går i bane rundt planetane.
 Tilbake til universet 
 
 

MÅNEN
Månen er den himmellekamen som ligg nærast oss i verdsromet og han går i bane rundt jorda, samtidig som han alltid vender den samme sida mot oss. Månen er utan atmosfære og vatn, noko som hindrar at det er liv på han. Vi ser månen fordi han speglar (reflekterer) lyset frå sola.
 Tilbake til universet 
 
 

MELKEVEGEN
Vi høyrer til i Melkevegen, ein galakse med spiralforma armar sett saman av stjerner som stråler ut frå eit kuleforma senter. Melkevegen er 100 000 lysår i diameter og sola ligg om lag 30 000 lysår frå midten.
 Tilbake til universet 
 
 

PLANETAR
Store, kuleforma himmellekamar som går i bane rundt stjerner. Dei er sett saman av stein, metall og gassar. Rundt seg kan dei ha månar, ringar og ein atmosfære.
Dei 9 planetane i solsystemet er desse: Merkur, Venus, jorda(Tellus), Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun og Pluto.
 Tilbake til universet 
 
 

ROMFART
Dette er aktivitet der ein sender romfartøy, romferger og anna som er bemanna opp i verdsromet.
 Tilbake til universet 
 

 
ROMSONDE
Eit ubemanna romfartøy, fylt av avanserte instrument. Desse blir sende på årelange ekspedisjonar mot fjerntliggjande planetar, månar og anna for å utforske desse.
 Tilbake til universet 
 
 

SATELLITT
Oftast nyttar ein dette uttrykket om ein ubemanna romfartøy som går i bane rundt jorda for å fotografera, ta vèrmålingar, syte for kommunikasjon (fjernsyn, mobiltelefonar ol.). Men ordet satellitt blir også nytta som namn på ein måne som går i bane rundt ein planet.
 Tilbake til universet 

 
 

STJERNE
Stjerner er himmellekamar som oftast er sett saman av svært varm gass som på grunn av kjernefysiske reaksjonar stråler ut sjølvprodusert energi, ofte i form av sterkt lys. Sola er eit typisk døme på ei stjerne.
 Tilbake til universet 
 
 

UFO
Uidentifisert Flygande Objekt, eit namn på himmelfenomen som ein ikkje har funne nokon forklaring på. Blir ofte knytta til trua på besøk frå andre himmellekamar. Frå ein avisartikkel i Texas i 1878 har ein ofte kalla desse for Flygande tallerknar. I dag finst det både i Norge og andre land eigne organisasjonar som samlar fakta om UFO-ar.
 Tilbake til universet