TENNENE 1

På biletet til venstre kan du sjå ein jeksle skoren over. Det som er farga raudt på teikninga er eit hulrom som har namnet PULPA. I pulpaen ligg blodårar og ein nerve. Det som er farga gult, er sjølve tannbeinet. Det er levande celler. Utanfor tannbeinet, det som ikkje er farga, er emaljen. Emaljen er det hardaste vevet vi har i kroppen. Det er emaljen som er den synlege delen av tanna.

Den tannsjukdomen som er mest utbreidd i Noreg i dag, er tannrote eller karies. Bakteriar som trivs særleg når vi et søtsaker, skil ut ei syre som er så sterk at ho angrip emaljen og kan tære hol i den. Dersom holet blir så stort at det kjem inn i pulpaen, må tanna antan trekkjast eller rotfyllast. Skuletannlekjartenesta har gjordt eit stort arbeid i å bekjempe sjukdomen. Viktige våpen her har vore opplysningsabeid om betre tannhygiene og fluorbehandling.

Andre sjukdomar i tennene kan vere betennelse i tannkjøtet. Det er viktig at vi er påpasselege med tannpuss, faste måltid, fluor, bruk at tanntråd og tannstikker.

Dei første tennene vi får, misser vi. Dei kallar vi mjølketennene. Vi får vanlegvis 20 slike tenner. Dei første når vi er ca. 1/2 år gamle.

Til toppen!

 

På neste side kan du lese meir om tennene!

INNHALDSLISTE

TITTELSIDE

MATMEL-TINGA

MUNNEN

MAGEN

TOLVFINGERTAR.

TYNNTARMEN

TJUKKTARMEN

TENNENE I

TENNENE II

ENZYM

LEVRA

CELLA

TEST