Mit navn er Knoph

 

knoph.jpg (39692 bytes)Hausten 1913 byr på to Olaf Bull utgivelsar. Utanom Nye Digte blir Olaf Bull sin einaste roman Mit navn er Knoph trykt som føljetong i magasinet Hver 8. Dag. Boka startar 21. september 1913 og blir trykt kapittel for kapittel fram til 11. januar 1914 under tittelen "Mordet paa Bygdø. Kriminalroman av Aliquis". og ein la til : "den er skrevet av en av våre populære yngre forfattere". Bull forskarar har spekulert mykje over kor og når denne romanen vart skreven. Olaf Bull sin kamerat Axel V. Ullmann meiner det må ha skjedd sommaren 1911, og at den blei skreven over ein periode på tre veker på Kaffistova." Historien er skreven mykje tidlegare. 22. desember 1909 skreiv Olaf Bull til Lars Swanstrøm : "jeg vil skrive en Christianiaroman til næste aar - en roman som jeg har smaaarbeidet paa hele dette aar." I eit brev til Hjalmar Bull frå 22. juli 1909 skreiv Jacob Breda Bull : "Olaf har i dag et digt i V.G., hvilket ved beviser at Thommesen ikke har taget hans Roman, men afspist ham med et Par Digte."

Thommesen er Verdens Gang sin redaktør Olaf Thommesen. Bull hadde gjort utkast til romanar på eit tidleg tidspunkt, men ikkje den typen roman som blei trykt som føljetong i aviser. Jacob Breda Bull må ha hentyda til Mit navn er Knoph. Den har med andre ord vore ferdig våren 1909. Sannsynlegvis er det også  Mit navn er Knoph Olaf Bull hentydar til som Christianiaroman. I så fall er den er den påbegynt i 1908. I løpet av vinteren og våren 1909 må Olaf Bull ha fullført den. Derimot kan Ullmann ha rett i resten av sin anekdote. Bull trengte pengar. Olaf Bull visste at kameraten Sven Elvestad alias Stein Riverton tjente godt på sine historier. Bull kan ha fått lyst til å prøve seg og spurt Elvestad til råds. Ullmann påstår at Olaf Bull og "en kjenning la hodene i bløt sammen for å skape en handling, og da tråden var spunnet, tok han selv fatt, og på hybler, og jeg tror, især i Kaffistova på hjørnet av Grensen og Pilestredet, ble det hele skrevet på en tre ukers tid".

Også dette må vera ein myte. Boka er altfor god til at ein såpass sjølvkritisk stilist som Olaf Bull har lirt av seg den i Sven Elvestad tempo. Elvestad snakka om "kapitle" bøker. Han skreiv sine føljetongar nærmast frå time til time. Når han var for full til å levera manus i tide, hendte det til og med at meir edru drikkebroder spant tråden vidare for han og ringde inn neste kapittel til avisa.

Elvestad pleide å erta sine idealistiske diktervener. Til Wildenvey sa han : "Dere lyrikere skulle skrive detektivromaner, så fikk dere se så godt det er".

Herman Wildenvey skreiv på Sven Elvestad sin oppfordring ein Knut Gribb historie under pseudonymet Stein Riverton. Fortellinga heit "Damen med de tusen Navne" og blei trykt i bladet Lys og Skygge i 1909. Men som kriminalforfattar er Olaf Bull langt meir raffinert enn Wildenvey. Wildenvey skriver i Sven Elvestad klisje-landskap, men Olaf Bull også på kriminalfronten skapar noko heilt nytt i norsk litteratur.

Boka si utgivelse historie er likavel lang og tornefull, kanskje fordi Olaf Bull sjøl ikkje hadde noko tru på den. I 1910 leverte Olaf Bull manuskriptet inn til Gyldendal. Men Olaf Bull fekk ingen respons. I april 1912 skreiv Olaf Bull til Lars Swanstrøm : "Vilde du være saa elskværdig at sende mig manuskriptet til den kriminalroman, som jeg sendte ind til dig for et par aar siden ("Mit navn er Knoff", heder den) - jeg maa forsøge at faa den anbragt hernede før jeg reiser op, saa min familie kan ha noget at leve af".

Knoff ? Det er eit faktum at redaktøren for Hver 8. Dag brukte stavemåten Knoff i dei fyrste kapitlene som kom på trykk, men dette blei på eit seinare tidspunkt retta til Knoph. Redaktøren var engsteleg for å bli anmeldt av advokatfamilien Knoph for misbruk av navnet. Kanskje har allerede Gyldendal anbefalt Knoff framfor Knoph, ettersom Olaf Bull brukar denne stavemåten i brevet til Swanstrøm. Einkvar  som les romanen, veit i allefall at løysningen på gåta blir tusen gonger bedre om navnet blir stava Knoph.

Eit brev frå Maria Bull kan tyda på at Olaf Bull fekk 400 kroner for forteljinga si frå Hver 8. Dag. Etter at magasinet var ferdig med romanen, blei den solgt til Narvesens Kioskkompani og utgjett som ein ei krona dobbeltutgave i Kioskernes 50-øres Bibliotek, ein av Norge si fyrste billigbokseriar. Norske forfattarar som Johan Falkberget og Sven Elvestad blei utgjett i denne serien, i tillegg sterke navn som Arthur Conan Doyle, James Fenimore Cooper, Alexander Dumas, Edgar Allan Poe, Ivan Turgenjev og Jack London.

Dette til tross Olaf Bull skammar seg over sin rolle som kriminalforfattar. Olaf Bull blir pressa  hardt for å gå med på å bruka sitt retta navn når den blir utgjett i bokform. Til Nini Roll Ankar brukar Olaf Bull boka som argument for at han bør få støtta på andre måtar, som om krim-skriving er ein form fornedring. Olaf Bull skriv til Lars Swanstrøm at han synst det er pinleg når Dagbladet sin anmeldar Harald Hansen tar boka på alvor og samanlikna Olaf Bull med Edgar Allan Poe. "Men det var velment, ganske velskrevent og tjener vel til bogens salg". Olaf Bull sin respekt for Edgar Allan Poe var stor. Herman Wildenvey skriv om ein episode frå sommaren 1908, der han og Olaf Bull snakkar om Amerika. "Ingen vet noe om det landet", seier Olaf Bull brått og faller i fjerne tankar. Langt om lenge kviskra han, liksom til seg sjøl : Edgar Allan Poe.

Berre to norske krimforfattarar før Olaf Bull skrevet bøker som i litterær kvalitet kan måla seg mot Mit navn er Knoph. Den eine er Sven Elvestad, den andre er Fredrik Viller si Kaptein Monks oplevelser (1897).

Olaf Bull sitt litterære krimforsøk er fullt av intelligente henvisningar og sjølstendige påfunn. Olaf Bull sin hovedperson, betjent Hans Bleng, bryt dessutan påfallande både med Elvestad og Viller sine heltar. Han er ein moderne antihelt, som i sitt vesen peikar fram mot den hardkokte detektiv i amerikansk krim på 1920- og 30-tallet. Ikkje fordi han er tøff, men fordi han kombinera sin intelligens med dyktigheit  og fordi mordet som Raymond Chandler uttrykte det blir begått for "reasons", ikkje av ein sinnsjuk eller affekt-ridd drapsmann.

Olaf Bull si handling har sitt utgangspunkt i griskheit og utbygningsiver i det kapitalistiske industri Norge. Opplegget er "morderne". Forbrytaren er ingen superhjerne, men ein ganske alminneleg forretningsmann. Staden for drapet er noko så uromantisk som ein bryggeplass. Der Riverton-helten Asbjørn Krag er noko glamorøs, berømt, ufeilbarleg og vellykka farsfigur, er Hans Bleng ein usikker, søkande yngling. Både Asbjørn Krag og Kaptein Monk tyr til melodramatiske og urealistiske forkledning kunst for å oppklara sine saker. Slike metodar er fullstendeleg fråverande i Olaf Bull si meir realistiske roman. Boka er ein politiroman, der konflikten mellom politiet si etterforskning og påtalemakta si krav til bevis er eit tema. Den iherdelege "sønnen" Bleng får til slutt anerkjennelse av "pappa" Asbjørn Krag når mysteriet endeleg er laust.

Mit navn er Knoph er ein byroman, der mysteriet er viktig i seg sjøl. Bleng seirar fordi han aldri sluttar å undra seg over gåtene. Gjentatte gonger går han feil i labyrinten. Kulissane er autentiske bybilder som svingar virtuost frå det lovløyse Grønland til Karl Johan, frå Edgar Allan Poe si uhygge i likhuset på Ankerløkken til kafe Gjeita i Grensen, der Bleng drøftar saken med sin bror, ein slags Watson-figur. Menneska han møter er troverdige og snakkar byen sin sjargong, enten dei tilhøyrer borgarskapet på Grand cafe eller lysskye miljø i Grønlandsleiret. Det virkar ikkje tilfeldig at like i boka blir funne nettopp på Bygdø, byen sitt antatt meist freda overklasse forstad, med nasjonalsumbol som kongsgård og folkemuseum. Ikkje eingong der kunne ein føle seg trygg i den framvoksande metropol.

Olaf bull sin kriminalroman kan gjerne bli lest som ein anti-Asbjørn Krag historie, sjølv om enkelte detaljar i sjølve oppklaringa minna sterkt om Elvestad sitt påfunn i "Manden i maanen". Men Olaf Bull brukar trikset på ein meir virtuos måte. Boka er utvilsomt den fyrste morderne kriminalroman i norsk litteratur.