Olaf Bull var fødd i Kristiania i 1883. Bortsett frå kortare utanlandsopphald, særleg i Paris og Italia, vart Oslo heile livet heimstaden hans. Han voks opp i eit litterært miljø, faren hans var forfattaren Jacob Breda Bull, og hans kasta seg tidleg over vanskelege emne. Han kunne sjå tilbake på eit lykkeleg skuletid ved Aars og Voss skole, ikkje fordi han var ein snill skulegut, men fordi skulen gav han vekstvilkår. Særleg fekk styraren den kjende norskfilologen A. Hofgaard, mykje å seie for han.
Olaf Bull gjennomførte ikkje noko studium. Rett nok var han innom det filologiske studiet i tidleg ungdom. Han var oppteken av fag som kulturhistorie og filosofi, men kjende seg like sterkt dregen av realfaga, særleg biologi. Olaf Bull hadde vide språkkunnskapar, og las m.a. Dantes guddomlege komedie i original.
Olaf Bull tok tidleg til som journalist, blant
anna reiste han våren 1923 ned til Italia for å intervjua Benito Mussolini,
men hadde aldri noko fast yrke. Olaf Bull sleit heile livet som
forfattar og freelance. Dei usikre kåra pinte han, ikkje minst fordi han var på evig
flyttefot, at to ekteskap gjekk over styr, hang og saman med dette. I diktninga si kunne
han løyse seg frå dette i humor, men den bitre livsrøynsla hans var at alt han rørte
ved, gjekk sundt.
Trass i store menneskeleg vanskar greidde han å skape. Han arbeidde i rykk, men sleppte ikkje frå seg eit dikt før han var nøgd. Olaf Bull var eit uvanleg rikt og fengslande menneske, som sjølvgjeve vart sentrum i veneflokken, kritisk, blendande skarp og samstundes raust og varm.
Hausten 1909 sendte Olaf Bull inn 25 dikt til Aschehoug forlag. Men da William Nygaard ikkje gav beskjed med ein gong om han ville gje dei ut eller ikkje, blei Olaf Bull fornærma og gjekk til Gyldendal og blei godtatt med ein gong. Ingen av dei fyrste som anmeldte Digte lot seg riva med alt dei hadde av beundring. Det ingen ser er at Olaf Bull er ein av dei fyrste morderne poetar. Han er i slekt med poetar som Baudelaire og Mallarme i Frankrike og Sigbjørn Obstfelder i Norge. Bull er eineståande frå fryrste stund.
Men om den lysande og mandige styrken i diktninga hans kan få ein til å plassera han i tradisjonen frå Wergeland, Bjørnson og Collett Vogt, så seier ein i grunnen lite om Olaf Bull. Til det var han for sjølvstendig frå fyrste stund. Og dei grunnleggjande spenningane i lyrikken hans er av ei anna art enn hos kampdiktarane frå 1800 talet.
Grunntema og livshaldninga er i hovedsak den same frå Digte til Oinos og Eros (1930). Imellom ligg Nye digte (1913), Digte og noveller (1916), Sternerne (1924) og Metope (1927). Men livskjensla til Olaf bull tek preg av vekslande livsrøynsle.
I 1927 foreslo Jens Thiis Olaf Bull til nobelprisen. Vennene til Bull set igang å påvirka både svenskar og danskar. Men aksjonen har liten effekt. Det er stort sett diktarar med ein sterk nasjonal tilknytning, ikkje eksildiktarar på på jakt etter ukjente stader i språket, som får nobelprisen dei fyrste 30-40 årene av vårt århundre. Som i 1917, er det formann i Svenska Akademiens nobel komite, Per Hallstrøm,som vurderer Olaf Bull. Hallstrøm skriver at "hans ideinnehåll er, liksom førr, tamligen magert och dartil oklart." Svenska Akademien deler ikkje ut noko pris i 1927. Året etter sender igjen Jens Thiis nok ein gong forslag om at Olaf Bull må få prisen. Denne gongen har Olaf Bull ei bok bak seg "Metope" som kom året før. Helge Krog skriver i sin anmeldelse om boka "Nobelprisen går på omgang mellom landene. Når Norge neste gang skal betenkes, da bør Olaf Bull være vår kandidat. Hans form er foredlet til den alle høyeste yteevne, som ord kan nå : laurbærkransen bør bli hans. Jeg nærer den dypeste respekt fremragende epikere, for Olav Duun og Sigrid Undset. Men blant alle våre utmerkede forfattere er Olaf Bull fremfor noen dikteren. Og blant de mange kunnskapsrike og åndfulle er Olaf Bull, og han alene, en ånd i dette ords store og universelle betydning." I sin anmeldelse i Arbeiderbladet sluttar Sigurd Hoel seg til Helge Krog. I tillegg til denne massive kampanjen frå Oslo, mottar Svenska Akademien i februar 1928 et overraskande brev frå Sørlandet:
"Nogen har sagt mig før at jeg ikke har Forslagsret, andre sier mig nu at jeg har forslagsret. Dersom det siste er riktig vil jeg i Ærbødighet foreslaa Olaf Bull til Nobelprisen i Litteratur for 1928. Han er moden og original, dypere i sin tanke end nogen av vore andre lyrikere og kunstnerisk overlegen, derfor uten Kunster.
Nørholm, Grimstad, 4. februar 1928,Knut Hamsun"
Men heller ikkje Hamsun sin innsats får Per Hallstrøm til å endra oppfatning av Olaf Bull sin lyrikk. I 1928 skriver han "... reflexionen, pointen, espritsøkandet spela stor roll i hans dikter, men de røra sig liksom på måfå. Den intelligens, som skulle styra dem, ar før oskolad, før splittrad og val också før obetydlig. Det ytterst intensivt skolade artistsinnet racker då knappast til at ge helhet åt någonting, det blir blott til ofta markliga fragment, och det ser icke ut som om några mastervark vore att vanta," skriver Hallstrøm og "finna ej skal att andra sin avbøjande eller avvaktande hållning gentemot kandidaten.
I 1928 deler Svenska Akademin ut prisen både for 1927 og 1928. 1927 prisen går til den franske filosofen Henri Bergson, men den internasjonalt kjente Sigrid Undset får årets pris. Svenska Akademien sin arroganse overfor Olaf Bull sine verk kjem til overflaten tre år seinare, i 1931. Då kunne ein gjet prisen til Olaf Bull. han var foreslått igjen, også det året, men nok eingong var Hallstrøm avvisande: "Han kan ta upp ungefar vad som helst tillfalligt och ubetydeligt motiv och tror sig kunna gøra trollkunster med det. Grundfelet ar nog, att han øverskattar vardet av verbal dristighet och verbalt handverk." Per Hallstrøm sin eigen grunnfeil er derimot at han overvurderar kandidatar med eit soleklart moralistisk innhald og at han er imot det som smakar av dritigheit og fornyelse. I 1931 kan virka som ein hån nettopp mot Olaf Bull sin kandidatur at svensken Erik Axel Karlfeldt får prisen. Ikkje berre fordi Karlfeldt er ein nokså gjennomsnittleg poet. Heller ikkje berre fordi han har vert medlem av Svenska Akademinen sidan 1904 og sekretær sidan 1912. Fyrst og framst er prisen upassande fordi Karlfeldt rett og slett er død. Han dør tidleg på året i 1931, og er den einaste kandidaten nokosinne som har fått prisen posthumt.
Lyrikken til Olaf Bull er ei verd frå fyrst til sist, slik ho berre kan bli hos ein diktar som alt i ung alder har kome så langt i sannkjenning at livet ikkje kan by på store overraskingar. Meir er diktninga til Olaf Bull ei stadfesting av lovene i det åndelege univers han sjølv har bygd, og som han utviklar og utdjupar.
Spenninga mellom kunst og liv hindrar han frå å blande seg i livsstraumen. Denne spenninga er eit resultat av ein medviten kamp for større livserkjenning, ei erkjenning av skridande tid, og av døden som ein nær realitet. Når kontrasten mellom kjærleik og død står så skarpt i Olaf Bulls diktning, synest det å henga saman med at han opplever livet så intenst. Det er ikkje tale om meir eller mindre smålykkelege stunder, men om sjølve meininga med livet, sett opp imot den totale meiningsløysa.
Tidleg avviste Olaf Bull dei overleverte kristne førestellingane. Men det religiøse problemet vart han ikkje så snart ferdig med. Ungdomsdiktet "Paa læsesalen" er ein protest både mot eit matnyttig samfunn og ei lunken kyrkje, men også mot det kaos av lys som fløymer inn over han.
Gjennom heile si dikting var Olaf Bull ein kunstnar og individualist som håna filistarsamfunnet. Under verdskrigen skreiv han fleire dikt med kvass brodd mot samfunnsmaktene, kyrkja og det militære. Særleg det store diktet "Sommerens forlis" viste kor medviten han var om kontransten mellom poetens natur illusjon og krigen som bitter realitet. Men kampdiktar vart han ikkje.
Olaf Bull si diktning har sentrum i Oslo. Barneminne med underklang av historia stig levande fram i "Pilestredet" og "Memoier" (Nye digte). Liknande drag finst og i andre dikt med emne ifrå Italia, Firenze (Oinos og Eros). Men i Oslo dikta til Olaf Bull er andre ting sterkare. Med eit fast grep gjer han Carl Johan nærverande, eller Tivoli, med menneske, med luft og lydar og tre, og med rom omkring seg.
Olaf Bull har ein uvanleg sansestyrke over heile registeret, frå avgrunnsdypet til eit overstrøymande muntert liv. Framfor alt har han ei utprega evne til intime sansingar utan unødvendige omskrivingar og poetiseringar. Biletspråket er heile tida nær knytt fenomen eller situasjonar det spring ut ifrå.
Olaf Bull
døde i 1933, 49 år gamal fullstendig utbrent. Med elleve bøker, tre ekteskap bak seg og
ingen fast Bustad. Olaf Bull sitt liv var ein evig karusell rundt Kristiania, København,
Paris, Roma, med ein avstikkar til den norske whisky rivieraen ved Oslo fjorden. Bull var
eit barn av storbyen. Naturen stilte for store krav til den praktiske sans. Han var ein
diktar konge i den siste bohemperiode, to- tre tiår fylt av politisk forvirring og
jernhard alkoholisme. Olaf Bull skapte ein ny målestokk for kva som er poesien si
oppgåve.