Digte, 1909

 

Olaf Bull sendte hausten 1909 inn 25 dikt til Aschehoug forlag til vurdering. Men da William Nygaard ikkje gav bedskjed med ein gong vart Bull fornærma og gjekk til Gyldendal og blei antatt med det same. Digte utkom med eit fyrste opplag på 500 eksemplar. Tittelen Digte kan synst beskjeden, men i norsk lyrikk har tittelen ein tradisjon som borger for kvalitet ; Bjørnson med Digte og sang, Sigbjørn Obstfelder med Digte, Kristoffer Uppdal og Olav Nygaard med Kvæde. Digte er ein open tittel : Lesaren må tre naken inn i verket, fylt av ein tomheit som gjer han meir mottageleg og mindre fylt med forventningar.

digte.jpg (229551 bytes)

I det mørke hjørnet på Gravesen blei Olaf Bull sin debut feira. Olaf Bull sjøl var reist ifrå by'n, men Herman Wildenvey var på plass. Mellom linjene i Nils Kjær sin anmeldelse leste Wildenvey at "jeg kunde gå hjem og legge meg". Det svei, fordi Widenvey var sjøl den fyrste til å innsjå at Venen Olaf Bull preserte "mesterverk frå fyrste stund". Men han følte det som bittert at det måtte skje på han sin bekostning. Olaf Bull blei mottatt som eit ferdig utvikla, dypsindig geni. Wildenvey blei redusert til versemaker, improvisator, ein rimande gjøglar.

Ingen av dei kritikerne som fyrst anmeldte Olaf Bull sin debutsamling, tok egentleg noken sjanse når dei lot seg riva med av alt dei beundrande superlativ. Det var anerkjent i miljøet at Olaf Bull var ein lyrikar i særklasse. Dei to som slo an tonen, Nils Kjær og Carl Nærup, høyrte til Bull sin omgangskrets. Nærup hadde til alt overmål vert konsulent på boka. Dei to over går kvarandre i å fastslå at Olaf Bull sine dikt er vakre og umåteleg kresne, at han er dyp, ekstatisk, smertefull og så vidare.

Ingen av dei ser at det nye med Digte er Olaf Bull sin tematikk. Ingen av dem fortell kva som er så sjelfullt og nytt med desse dikta. Kort sagt ; vismennene frå Gravesen sin restaurant ser ikkje at Olaf Bull er ein av dei fyrste poetar som er moderne, at han er i slekt med overgangsskikkelsar som Baudelaire og Mallarmè i Frankrike, Gustav Frøding i Sverge og Sophus Claussen i Danmark, Sigbjørn Obstfelder i Norge. Olaf Bull tar utgangspunkt i det han har sanset og sett, i det konkrete, aldri vidløftige, abstrakte og utpenslede følelser og tanker. Selv om dei har rett i sine konklusjoner, Bull er eineståande frå fyrste stund, greier dei ikkje å forklara kvifor.

I Danmark blir Olaf Bull rost opp i skyene av sterke navn som Christian Rimestad og Johannes V. Jensen. La oss og ta med den einaste som torte å slakta Digte, Thorleif Gruner Hegge, som 15. juni 1910 anmelder samlingen i Nylænde, kvinnesaksbevegelsen sitt tidsskrift: "Det er ugudelig lange, kjedelige vers, side opp og side ned, af en qualitet, som er omvendt proportional med quantiteten." Diktet "ved et glas vin en vaarnat" er ifølge Hegge "den rene nøtt at knække. Der findes ingen skjønhed i dette digt, og nogen mening aabenbarer sig ikke." Konklusjonen: "Olaf Bull arbeider tungt med stoffet. Han har endnu ikke vist sig i besiddelse af noget overflødighedshorn. Kun forholdsvis sjælden springer der krystaller frem"

Olaf Bull sin debutsamling kan lesast på minst tre måtar. For det fyrste er den ei bok om kjærligheiten og erotikken i alle nyanser : forelskelse, modning, sjalusi, venskap, prostitusjon, savn, død. Hensynslaus lengsel målt opp mot tvil på eigen kjærleiksevne. For det andre kan den bli lest som fyrste bind av Olaf Bull sin nådelause opne sjølbiografi, der temaet er balansegongen mellom to typer angst : for døden og for livet. For det tredje er Digte ei bok om diktekunst : om ein diktar som diktar, om diktinga sitt vesen, altså ei samling metadikt. Opning linja "Til dig, du elskede, kun dig" er ingen kjærlegheit erklæring, men ein bekjennelse : Fra meg, du elskede, kun meg!

Alle desse tre lesemåtane skill Digte frå Herman Wildenvey sitt prosjekt. Wildenvey sitt metadikt er i beste fall overflatiske. Gjennom sine kjærleikheit dikt bekrefta han sine draumar snarare enn å utforka sine erfaringar, som Olaf Bull gjordet det. Og som sjølbiograf har Wildenvey ei maska der Olaf Bull kler seg sjøl naken. I dette ligg det ingen kvalitetsvurdering, men konstatering av at me her har å gjera med to diktarar som alltid blir samanlikna til ingen nytte. Wildenvey trår vatnet i tradisjonen etter Bjørnson og Hamsun, har Olaf Bull ingen forgjengar i norsk lyrikk. I likheit med Sigbjørn Obstfelder og Kristoffer Uppdal før han og Olav Nygard seinare byr Olaf Bull på eit personleg svar på spørsmål så brennande aktuelle at samtida ennå ikkje har formulert dei.