Generelt om diktninga til Olaf Bull

 

Mennesket Olaf Bull er ein av gåtene i norsk litteratur. Født 10. november 1883, død sankthansaften 1933. Elleve bøker, tre ekteskap, ingen fast bustad. Olaf var ikkje ein "tidsrepresentant" som Herman Wildenvey.  Olaf Bull nådde aldri noko stort publikum, ingen av bøkene til han kom ut i meir enn 2000 eksemplar så lenge han levde. Men liksom Wildenvey har Olaf Bull fått sitt grunnpreg i tida før den store krigen. Olaf Bull står fjernt frå 90-års dekadanse og mystikk, anti-intellektualisme og slørde stemmingar. Olaf Bull var så oppteken av naturvitskapane at han på ramme alvor ville få i gong ein Einstein-klubb ! Men denne interessa gjekk saman med ein tvingande trong til erkjenning av menneskelege grunnvilkår. Den sterke interessa til Olaf Bull for tidsproblemet i Henri Bergson sin filosofi var mindre motebestemt enn uttrykk for sterke personlege behov.

Om Olaf Bull filosofisk er på høgd med si samtid, er formspråket til han både "morderne" ved sin direkte stil og i slekt med ein stor romantisk tradisjon, fjernt frå vår tid. Men det er i høg grad Olaf Bull sin eigen stil.  Det er har noko hardt, spent og kraftfullt som narturleg uttrykk for den tankeintensitet som dikta spring ut av og noko bølgjande fritt som speglar sinnet til ein stor diktar.

Hos Olaf Bull har spenninga mellom draum og røyndom ein heilt annan styrkegrad enn hos Wildenvey. Olaf Bull lever på to plan. Det er ikkje berre diktninga som på denne måten kjem i konflikt med "livet", men erkjenninga av dei gjevne kår står i fare for å sprengje det borgarlege livet til Olaf Bull. Den som ser, blir lett ein framand i verda. Om Olaf Bull intenst elskar livet, "det øyeblikkelege", har han det fulle medvit om at tida  ren vekk, at døden og det tommet rommet trugar. Diktinga blir på nytt og på nytt ein kamp for å halda fast, gje liv til dei korte lykkelege stunder og på å omskapa dei til "evighet".

Olaf Bull si dikting har sentrum i Oslo. Barneminne med underklang av historia stig levande fram i "Pilestredet" og "Memoirer" (Nye digte). Liknande drag finst og i dikt med emne frå Italia, "Firenze" (Oinos og Eros) og andre, der historia sjølv er resonansvegg, og ei anna form for "evighet".

Men i Oslo-dikta til Olaf Bull er andre drag sterkare. Med eit fast grep gjer Olaf Bull Carl Johan nærverande. Olaf Bull har ein uvanleg sansestyrke over heile registeret. Framom alt har Olaf Bull ei utprega evne til intime sansingar utan unødige omskrivingar og poetiseringar. Biletspråket er heile tida nær knytt til dei fenomen eller situasjonar det spring ut frå. Reint særleg hadde Olaf Bull ei evne til å oppfatta og språkleg gjenskapa lys i alle variantar. Dette var knapt nok berre ei medfødd evne, men noko han må ha utvikla fullt medviten.

Wildenvey og Aukrust blir med rette haldne fram som store verskunstnarar med ein særkild sans for rytmikk, men Olaf Bull er i så måte ein lika stor meister på sine premissar. Olaf Bull korkje pratar eller dansar. Somme har funne han "kantet". Det er sjeldan song i versa til Olaf Bull, og det sterkt intellektuelle draget krev ofte lange syntaktiske samanhengar. Men innanfor vekslande strofeformer finst her ein rikt skiftande rytmikk, små rytmiske og syntaktiske forskyvingar innanfor eit stramt strofemønster sluttar seg så nær til gangen i tanke og kjensle at rytmen får eit personleg drag i høgre grad enn hos kanskje nokon annan av Olaf Bull sin generasjon ved sida av Kristofer Uppdal. Det har å gjera med konsentrasjon og intensitet i tanke og kjensle, og livspusten frå eit brennande sinn.

Den store stemningsskalaen i Olaf Bull si dikting, frå eit "avgrunnsdyp" til eit overstrøymande muntertliv, kan ikkje trengjast i hop til nokre linjer. Men stemninga blir aldri eit mål i seg sjøl. Å dikte blir ei veldig utviding av sinnet, den høgste grad av medvet og fantasi i eit.

 

Verker av Olaf Bull