Startside

EIN KORT PRESENTASJON  AV LØGPSTRUP.
INNLEIING.
DET SKAPTE LIVET.
SKAPINGA ER IKKJE EI EINGONGSHENDING
NOKRE SENTRALE OMGREP.
MAKT.
LIVSYTRINGAR.
LAGNAD.
NORMER.
ANGST ELLER GLEDE.
OM Å GRUNNGJE ETIKKEN.
KARAKTER OG NATUR.
EIN ETIKK FOR VÅR TID.
VANSKAR KNYTTA TIL LØGSTRUPS ETIKK.
LITTERATUR.

 

Angst eller glede

T.JPG (62315 bytes)

Hjå dei franske eksistensialistan finst det ingen Gud som menneske kan spørja til råds. Menneske må sjølv gjera dei eksistensielle vala og vera ansvarlege for dei. Dette at menneske er medvite om sin eigen eksistens, om at livet er forgjengeleg og om at det sjølv er ansvarleg for dei val det gjer, fører til angst.- For Kierkegaard lever Gud. Men mange menneske lever uengasjert og likesælt, også i si gudsdyrking. Dette kallar Kierkegaard for "fortviling". Men menneske kan koma ut av fortvilinga gjennom den vekkjaren som angsten er. Gjennom å velja seg sjølv, overta seg sjølv kan mennesket bli "det Selv som det i sannhet er".

I all filosofi som legg vekt på den menneskelege eksisten, finn me ei vektlegging av livet som ein "mulegheit", og at menneske har fridom og må gjera val. Også hjå Løgstrup finn me dette. - Hjå Løgstrup er ikkje livet i utgangspunktet tomt, men opplyst av fenomena. Han finn det oppsiktsvekkjande at den eksistensielle filosofien ikkje har oppdaga at "glæde er en grundstemning så godt som angst og lede" Når Løgstrup omtalar det livet Jesus viser i si forkynning, seier han at at dette livet berre kan levast dersom menneske ikkje kan anna "af lutter Glæde maaske".

Synnøve+Solveig.JPG (34494 bytes)