|
| |
Det
skapte livet

"At
være er at være skapt"
For
Løgstrup er livet eit skapt liv.Men dersom det er slik som den kristne trua seier, at
livet er skapt av Gud, må det i den menneskelege eksistensen finnast trekk som vitnar om
at det er slik. Desse trekka kan ein ikkje finna ved hjelp av naturvitskaplege metodar.
Når ein prøver å forstå mennesket, å analysera det, skaper ein samstundes ein
avstand. Mennesket må leva og studera det same livet. Korleis ser det skapte livet ut, og
kva er det ved den menneskelege eksistensen som mennesket ikkje sjølv har utvikla gjennom
livet? Ved å spørja slik vert Løgstrup ståande ved trekk, eller fenomen, som er av ein
slik karakter at dei er sjølve grunnlaget for det menneskelege tilveret, og livet kan
ikkje tenkjast levt utan desse. Kjærleik, openheit, tillit,miskunn er fenomen livet ikkje
kan unnvera. Ordbruken er i seg sjølv viktig. Ordet fenomen kjem av det greske ordet for
lys, og Løgstrup nyttar utttrykk som at fenomena opplyser verda før vår tanke, før
vår omgang med livet. Dei er til før individet.Løgstrups eige utgangspunkt som teolog
er det synet at Gud har openberra seg for menneska gjennom Kristus. Gjennom Jesu liv og
forkynning har menneska fått eit innsyn i det gudommelege. Jesus er Guds son, han og
Faderen er eitt, og den som har sett Sonen, har sett Faderen. Gjennom Jesus Kristus har
mennesket fått ei spesiell openberring. Utgangspunktet er altså kristologien somlegg
hovudvekta på den 2.trusartikkelen. Løgstrups utvikling er slik at han etter kvart
"viklar segut av" sitt eige utgangspunkt. For han er det viktig å halda fast
på den jødiske skapartanken, og gjennreisa denne i si eiga tid. For å forstå
mennesket, må ein forstå skapartanken. I dette perspektivet vert det nærmast blasfemisk
å hevda at ein kan forstå mennesket "til bunns" berre ein kan studera det
nøye nok.
Tilbake
til K.E.Løgstrup Framhald
|