|
| |
Knud
Ejlert Løgstrup (1905-1981)
Den
danske teologen og filosofen K.E. Løgstrup vert rekna for å vera ein dei mest og
originale og sentrale tenkjarane i vårt hundreår. I Noreg er tankane hans etter kvart
blitt kjende mellom teologar, filosofar og idehistorikarar. Også innanfor
sjukepleievitskap har K.E.Løgstrup sine tankar funne eit nedslagsfelt. Føremålet med
denne presentasjonen er å gjera K.E.Løgstrup betre kjend mellom dei som arbeider i
skulen.
K.E Løgstrup
underviste i etikk ved Århus universitet i åra 1943-1976.Han har skrive ei rekkje bøker, den mest kjende er truleg "Den etiske
fordring" frå 1956.Løgstrups tenking tek utgangspunkt i dei fenomena ved
menneskelivet som er så grunnleggjande at dei ikkje kan tenkjast bort: Tillit, miskunn,
openheit, håp, kjærleik.Desse fenomena kallar Løgstrup for "spontane
og suverene livsytringar", dei er sjølve vilkåra for at menneske kan leva
saman, og i desse fenomena forankrar han etikken. Dei er ikkje eit
resultat av menneskeleg aktivitet, for dei eksisterer før den enkelte sin omgang med
livet, dei er teikn på eit skapt liv. Dette fører over i den
jødisk-kristne skapingsforestillinga. Og som skapt høyrer mennesket saman med andre
menneske i ein interdependens, dvs. at den eine sitt liv er samanvevd med andre sitt på
ein grunnleggjande måte. Dette har det ved seg at i alle menneskelege relasjonar er det makt, og at eit menneske berre kan få lagnad
ved at det knyter seg til andre menneske med kjenslemessige band.Den etiske tenkjemåten
som m.a. K.E. Løgstrup står for, har av enkelte fått merkelappen "nærleiksetikk".
|