Startside Meir om Kant

Immanuel Kant (1724-1804)

 Kants etikk byggjer på den gode viljen hjå det handlande menneske, og Kant vert gjerne tolka slik at han berre anerkjenner den gode viljen som noko som er eit gode i seg sjølv. Om ei handling er moralsk god eller ikkje, kan ikkje dømast ut frå resultatet av handlinga, men av det motivet den har som utfører handlinga. Kriteriet for kva som er ei moralsk god handling, er at handlinga er gjort av plikt. Synsvinkelen er såleis tilsynelatande vend mot den som utfører ei handling og dei grunnane han måtte ha for å handla slik han gjer. To like handlingar kan dermed koma ulikt ut av ein moralsk dom over handlingane. Når det er sinnelaget og kjærleiken til morallova som avgjer om ei handling er god, kan det sjå ut som om forholdet til den som vert berørt av handlinga er uvesentleg. Spørsmålet er om det i Kants etikk også finst svar på etiske spørsmål som omhandlar omsorg for andre menneske som treng vår hjelp.

Kant tenkjer seg at det finst moralske lover som er absolutte. Dei moralske lovene er å samanlikna med naturlovene på den måten at dei eksisterer forut for menneskeleg røynsle, og er slik at når menneske innser dei, vil alle godta dei som gyldige. Slike kategoriske imperativ påbyr visse handlingar og forbyr andre. Dei har det ved seg, til skilnad frå hypotetiske imperativ, at dei gjeld til kvar tid, dei er universelle.Kant formulerer det katgoriske imperativ på fleire måtar, t.d.

"Du skal handla etter den maksimen som du kan vilja skal bli ei allmenn lov", og

"Du skal ikkje behandla andre menneske berre som eit middel, men også som eit mål i seg sjølv".

Den siste varianten vert også kalla for det praktiske imperativet. - Kravet om å behandla eit menneske ikkje berre som eit middel men også samtidig som eit mål, kan lett problematiserast på ulikt vis, fordi det finst så mange samhandlingssituasjonar menneske imellom. Mange praktiske situasjonar har karakter av at den eine yter teneste overfor den andre, utan at han dermed stiller krav om at han i same situasjonen skal bli behandla som eit mål i seg sjøl. Spørsmålet er også om ein i "middel-mål"-varianten av det kategoriske imperativet kan tolka "menneske" i retning av "menneskeslekta" eller "det menneskelege".

Kants kategoriske imperativ forbyr ei handling der eit menneske/menneskeslekta/det menneskelege vert brukt berre som eit middel, og påbyr ein å behandla eit menneske/ menneskeslekta/det menneskelege som eit mål i seg sjølv.

WB01436_.gif (236 bytes)Framhald