|
|
|
Kjensler og moral - ein freistnad på oppsummering Nokon vil kanskje seia at det særmerkte ved nærleiksetikken er vektlegginga av kjensler, at skiljet mellom regelmoral og nærleiksetikk går mellom fornuft og kjensler.. Eg har kalla oppgåva mi for "Kjensler og moral" tittelen har eg lånt frå ei bok av Arne Johan Vetlesen. Det kan vera at denne formuleringa er litt villeiande, for nærleiksetikken grunngjev etikken utanfor mennesket. Samtidig er det slik at den etiske fordringa er eit krav på oss til å ta i bruk alle våre evner, vår fantasi, for å få den andre sitt liv til å lukkast.
Det sikre mot det usikre. Etiske tenkjarar som Løgstrup og Levinas understrekar at me aldri kan vita om me har vore moralske nok. Sosiologen Zygmunt Bauman, kjend m.a. for verket som på norsk heiter "Moderniteten og Holocaust ",meiner at søkinga etter sikkerheit har vore eit blindspor. Når nokon seier: No har me funne sannheita, kan me vera sikre på at menneske byrjar å skyta på kvarandre. Det er usikkerheita som gjer oss moralsk ansvarlege, seier Bauman. I valet ligg også mulegheita for å velja feil.I eit intervju seier han: "Jeg er derfor svært begeistret for filosofer som Emmanuel Levinas og Knut Løgstrup.. De er de eneste moralfilosofene som går en ny vei. De tror ikke at sikkerhet er grunnlaget for menneskelig moral, men motsatt, de starter med å si at menneskelig moral kan begynne å gro i en tistand av nettopp usikkerhet. De sier ikke: Dette er regelen, glem alt annet, for dette er vår felles bestemmelse. Hvis du er usikker, må du ta valgene alene. Kun når ingen kan fortelle deg hva som er regelen, får du muligheten til å utvikle moralsk ansvar" Det handler ikke om motsetnin mellom fornuft og følelser, men mellom sikkerhet og usikkerhet Det er ikke snakk om å finne en uforanderlig regel som er bindende for alle, men motsatt, vi vet og vi aksepterer at vi alltid, alltid, alltid vil tvile på om vi har handlet riktig eller galt, om vi kunne ha gjort mer enn vi gjorde, om vi var tistrekkelig moralske, om vi var tilstrekkelig ansvarlige. Denne tvilen er selvkritikk. Usikkerhet er den best tenkelige garanti for moralsk atferd." På ein måte kan me seia at nærleiksetikken representerer ein måte å tenkja etikk på i ei postmoderne tid. I det me kallar den modrene tida, frå Descartes og frem mot i dag, har jakta på det me kan vita noko sikkkert om, vore eit av dei mest karakteristiske trekka. Frå og med Descartes har naturvitskap, tal , logikk og fornuft vore sett på som ein veg til å vita noko sikkert. Den religøse sanninga er blitt forvist til det private rommet, som ei subjektiv oppleving. Trua kunne gje tryggleik, men berre personleg og privat. Vitskapen blei ståande åleine med retten til den allmenne sanninga, som den einaste felles kjelda til sikker kunnskap. I ein tankevekkjande kommentar i Vårt Land
Skriv Erling Rimehaug om den nye utryggleiken men også den nye openheita som det
postmoderne samfunnet inneber: Innlegget hadde overskrifta: Må vi være sikre for å
være trygge? Hvordan møter vi så denne åpenheten? Det kan være fristende å komme med kristendommen som et tilbud om den eneste sikre viten. Men dagens mennesker møtes ikke med svar som bygger på tenkemåten i den forgangne,rasjonalistiske tid Jakten på den sikre viten var et fire hundre år langt blindspor. Tryggheten finner vi ikke i de rette tanker. Den finner vi i de rette relasjoner." Den etiske grunnerfaringa skjer i møtet Det er altså relasjonane, ikkje fornuften, som er etikken si forankring, eller sagt på ein annan måte: Den etiske grunnerfaringa er møtet. Møtet er det som hender med oss før forståinga og erkjenninga overtek oss att. Etikken er til stades før vår eigen refleksjon etikken er førstefilosofi, seier Levinas. Det gjeld ikkje berre i forhold mellom menneske, men også i forhold til åndelege realitetar og til naturen. Om det siste fortalde Asbjørn Aarnes ein gong ei historie. Det var i ein skuleklasse. Læraren gav elevane ei stiloppgåve som var slik: Fortel om eit dyr du har møtt. Elevane stussa visst: Går det an å møta eit dyr? Så var det ein som torde spørja (fortel Asbjørn Aarnes, han er ein gammal mann) : - Eg såg ein gong ein elg som kom symjande mot meg over eit vatn. Er det eit dyr eg har møtt? Såg du dyret i augo? spurde læraren. Ja, det gjorde eg. Då har du møtt ein elg, sa lærar. Denne tankegangen, at me først blir moralsk ansvarlege menneske som ein fylgje av møtet, er noko av det same som me finn i Arne Ness sin Spinoza-inspirete miljøetikk, den sokalla djupe økologien. Også i forholdet til naturen har fornuften spelt falitt. I møte mellom menneske er det eit asymetrisk forhold. Kants etikk byggjer på eit prinsipp om likeverd og gjensidigheit. Eg innrømmer andre dei rettane eg sjølv ynskjer å ha. Levinas seier at det er eit asymetrisk forhold mellom meg og den andre, "den andre" er alltid over meg og stiller meg til ansvar.
|