|
Emmanuel Levinas
Etikken som
fyrste-filosofi
"Humaniteten vert til i den Annens ansikt" er eit uttrykk som rommar mykje
av Levinas sin filosofi og etikk.
I denne formuleringa ligg det at menneske ikkje vert menneskeleg ved refleksjon og
tenking, men gjennom den grunnerfaringa det får ved det spontane møtet med den Andre. Me
vert menneskelege i møtet med den Andre, ved at undringa og medkjensla for medmennesket
vert pådytta oss utanifrå. Dette er den same type dialogfilosofi som me finn hjå Martin
Buber. Men Levinas fører tanken vidare: Den andre inntek førsteplassen, det oppstår eit
asymetrisk forhold mellom oss. Dette er noko som går førut for erkjenning, det vil seia
det eg kan tenkja og forstå. Møtet kjem først, deretter kjem refleksjonen. Det er dette
Levinas meiner når han seier at etikken er førstefilosofi. Levinas har appellen sin
"stad" i andletet. Møtet er ikkje ein tankeoperasjon, men ei hending, der den
andre vender seg til meg som ein annan. Levinas skriv at i møtet med den Andre er det
best å ikkje leggja merke til den Andre sin augenfarge. For når man studerer
augenfargen, befinn man seg i ein sosial relasjon med den Andre (Levinas 1990 s.99).
Ansiktet er ikkje ein rad med fysiske eigenskaper som eg kan registrera. Det er møtet med
den andre som gjere meg til eit moralskt vesen. Det er ikkje det fysiske utsjånaden til
jenta som får meg til å stusse. Det er det lidande andletet, som får meg til å vurdere
situasjonen ho har fått meg opp i, ved å sjå på meg. Levinas sin etikk er ikkje ein
etikk som gjev reglar og normer å handla etter, det er ikkje innsikt eller kunnskap som
gjer at me kan handla etisk. Samanfattande kan ein seia at andletet "innstiftar"
etikken ved at det befaler over meg.
| |
|