|
|
|
ULIKE FORMER FOR UTILITARISME Alle teoriar som fell inn under teleologisk etikk, legg vekt på formålet eller konsekvensane av ei handling eller ein norm. Utilitarismen vil i utgangspunket, som namnet seier, innta det standpunktet at ei handling åleine kan vurderast etter den nytten handlinga gjer. Såleis oppstår eit skilje mellom utilitaristisk etikk og den type etikk som meiner at ei handling kan veljast både for sin eigen del og for konsekvensane si skuld. Dermed hamnar utilitarismen i gruppa "teknisk formålsetikk", som også rommar tenking av nokså ulike kvalitetar. For å avgrensa utilitarismen frå retningar som argumenerer for rein egoisme, inneheld utilitaristisk etikk i fylgje Vetlesen eit krav om at handlingen ikkje berre skal vera nyttig for den handlande, men at ho skal føra til best mogeleg konsekvensar for alle partar som handlinga vedkjem.Utilitarisme vert dermed ein type formålsetikk som på den eine sida avviser at handlingar bør veljast for sin eigen del, men som på den andre sida stiller det kravet at dei handlingane bør veljast som samla sett får dei beste konsekvensane, eller som Bentham uttrykte det, som fører til størst mogeleg lukke for flest mogeleg. Det er dette området innanfor teleologisk etikk utilitarismen vil dekka. Ut frå den grunntanken at ei rett handling er den handlinga som maksimerer velferd og fører til minst mogeleg smerte for individet og for samfunnet, har det blitt utvikla fleire alternative teoriar. Dette kan lesast som forsøk på å løysa dei problema som i utgangspunket heftar ved utilitarismen som teori. Eitt av problema er kva for velferd det er snakk om, kva for verdiar som vurderinga av konsekvensane skal knytast opp til. I den klassisk greske tradisjonen er målet lukke, men ein hadde ulik oppfatning av kva dette innebar. Bentham og Mill tolkar kanskje lukke meir i hedonistisk enn i eudamonistisk retning, og forstår lukke som ein storleik ein kjem fram til når smerte er trekt frå lyst. Eit viktig skilje går likevel mellom desse to i synet på Benthams "lukkebudsjett". Mill argumenterer her for at det er kvalitative skilnader mellom "lyster", og at Benthams enkle bokholderi representerte ei forflating av menneskelege verdiar. - Den såkalla verdikomponenten kan vera eitt av kriteria som set skilje innanfor utilitaristisk tenking, særleg mellom klassisk utilitarisme og meir moderne utgåver. Hjå Moore er det gode ikkje synonymt med lyst, men noko som er samansett av mange komponentar, medan Hare vil leggja vekt på dei faktiske preferansar dei har som er involverte i ei handling. Eit anna problemområde ved utilitarismen er den usikkerheit som er knytta til at konsekvensane av ei handling må kunna vurderast på førehand for at handlingsval knytta til forventa nytte skal gje meining. Dermed vert utilitarismen som etisk teori mest relevant for handlingsval der konsekvensane kjem til syne etter kort tid. I vår tid har dei langsiktige verknadene av handlingar blitt meir tydelege, ikkje minst i spørsmål som har med miljø og framtidsutsiktene for livet på jorda å gjera. Det reiser nye spørsmål og nye krav til ein etikk som verkar relevant for vår tid. Eit tredje klassisk problem ved utilitaristisk teori er knytta til rettferdsomgrepet. Korleis kan ein hindra at den enkelte vert ofra dersom det er til allmenn nytte? Utilitarismen er blitt kritisert for at han står for ein etikk der det reint logisk er mogeleg å argumentera for det fornuftige i å retta bakar for smed. Det er mellom anna i førsøket på å løysa dette problemet me finn nye og moderne utgåver av utilitarisme.
|