Tilbake til heimesida 
 
 
 
Kommunen
 
Bygda no
 
Historia
 


Historia. 

Busetting

Kor lenge det har budd folk i Øvre Suldal ?  
Nei – det veit vi ikkje sikkert, men ein har funne buplassar etter fangstfolk som er 5 –10000 år gamle. Sjølve Nes blei busett oml. år 300 e. Kr.  Gardane rundt Suldalsvatnet blei nok busette oml.år 1000 e. Kr.  
I 1519 –20 vart det kravd skatt av 3 gardar på Nesflaten.  
Svartedauden midt på 1300 – talet herja stygt i bygdene våre og i hundreåra etter var det mange øydegardar rundt vatnet. Då folketalet tok til å veksa, vart desse gardane tekne i bruk att.  
Utetter i dansketida var fattigdommen stor og mange epidemiar råka hardt. Dessutan var dette  krigstid ute i Europa og mange unge gutar vart utskrivne som soldatar,- alt for mange kom aldri heim att.  

Skuleutbygging

I 1737 vart det innført obligatorisk skule, men bøndene hadde meir enn nok med å livberge seg og familiane sine så det tok lang tid før skulestellet kom i ordna former. Det var stor motstand – ein hadde bruk for ungane si arbeidskraft på gardane og det følgde utgifter med skuledrifta. Først etter 1800 vart det nokolunde orden, men enno tok det land tid før skulen vart viktig for folk flest.  
I 1861 vart det bygd skulehus på Nes, og i åra etter kom det skulehus også i dei andre krinsane rundt vatnet. Når vi nærmar oss 1900 – talet var stort sett slutt på at presten bortviste ungdom frå konfirmasjonen fordi dei ikkje kunne lesa.  

Utvandring 

Etter 1850 utvandra mange suldøler til Amerika. Suldal var den kommunen i Rogaland med størst utvandring. I åra mellom 1850 og 1900 reiste 492 menneske. Av dei var det 37 ektepar frå husmannsplasser. Av einslege var det 47 gutar og 39 jenter frå husmannsplasser. Dei aller fleste husmannsplassane  rundt vatnet vart avfolka på denne tida.  
 Etter 1900 tok folketalet til å veksa . På denne tida var det 8 bruk under dei 3 gardane på sjølve Nesflaten, og barneflokkene var jamnt store. Det var nok eit yrande liv, men jamt over var det lite pengar blant folk, så etterkvart som ungdommen vaks til måtte dei reisa ut for å skaffa seg arbeid.  

Turisme

Siste tiåret før 1900 var høgdepunktet i turistnæringa. Vegen fra Sand til enden av Suldalsvatnet  var ferdig i 1875 og  i 1885 vart Suldalsdampen sett inn i trafikk på vatnet. Det var helst engelske turistar som oppdaga ruta frå Sand til Suldalsosen, derfra med båt opp vatnet til Nes, vidare opp dalen til Røldal og Odda, og dermed resten av Hardanger. Rundt århundreskiftet var det 3 hotell i drift på Nes, og det var faste skysskarar som frakta turistane vidare opp dalen  
Hotella skifta ofte eigarar, to av dei vart rivne og flytt andre stader, så i 1913 stod det berre att eitt. Det brann ned i 1970. Etter den tid har det tidvis vore drift av eit ungdomsherberge.  

Ny nedgongstid

Etter krigen var det slutt på stølsdrifta, og trongen for arbeiskraft på gardane sank. Enno fleire måtte ut for å skaffa seg arbeid, og folketalet sank ytterligare. Rundt 1950 byrja det 2 ungar på skulen på Nes og trua på at staden var levedyktig sank. Få trudde at staden var liv laga.  

Kraftutbygging

MEN, rykta om ei mogeleg utnytting av dei store vassmengdene som rann ut i vatnet levde sitt liv blant folk, og var grunnlag for ein viss optimisme.  
I byrjinga av hundreåret hadde privatpersonar kjøpt vassrettane til om lag alle elvane som rann ut i vatnet. Først i 1950 – åra løyste  Norsk Hydro inn alle rettane i området rundt øvre del av vatnet og i Røldal, også dei som enno var på grunneigarane sine hender. Det vart skipa eit aksjeselskap, Røldal – Suldal Kraft A/S.  
Så var det grunn til optimismen.- I 1961 tok utbygginga til for alvor, og i åra 1963 – 65 var det over 1000 mann i arbeid på anlegget. I 1965 var den første kraftstasjonen i drift, og i 1967 var alle 5 stasjonane ferdige og i drift.  
Då stod også driftssentralen og eit nytt boligfelt med 24 einebustader ferdige på Nes. No var det gode, trygge arbeidsplassar, skulen måtte byggjast ut og hadde på det meste om lag 80 elevar. Mange av bøndene fekk arbeid under anleggstida og fortsette i fast arbeid på ”Kraften”.  
Dette førte til ei økonomisk oppgangstid også for landbruket, og investeringane aukte moneleg. Den første traktoren kom til Nes i 1958, no skaut den nye tida fart og maskinparken på gardane er helst imponerande.  
Frå 1. januar 1965 vart dei 4 kommunane Jelsa, Erfjord, Sand og Suldal slegne saman til ein storkommune, og etter ein oppheta debatt vart namnet på den nye kommunen Suldal. Den nye tida førte med seg meir kraftutbygging. I 1978 starta Statskraft Ulla – Førreutbygginga. Då den var ferdig, var Suldal ein gigant i kraftproduksjon.  

Vegutløysing. 

Saman med kraftutbygging i Øvre Suldal kom kravet om betre komminikasjonar. Gamle Suldalsdampen var skifta ut med bilferja Suldalsporten i 1939, men etterkvart var også den umoderne og lite effektiv. Eit rektormøte på Sand tok absolutt heile dagen. I 1974 vart arbeidet på  vegen  frå Nes og nedetter vatnet starta. 1. Januar  1972 kunne den første bilen kjøre steknina, og samstundes vart båtruta på vatnet innstilt. Suldalsporten vart seinare senka på djupt vatn.  
No batt Ryfylkevegen bygdene saman. Vegen langs vatnet er ein tjenleg veg, men enkelte partier er svært rasutsette, så kravet om sikring er stadig oppe til debatt.  
I samband med kraftutbygginga fekk også ”kvervane” rundt vatnet vegutløysing, og det vart bygd fleire mil veg innover heiane, desse er til stor nytte for bygdefolket.
Tilbake
 
 Berit Myrland