Tilbake til heimesida 
 

 
Kommunen 

Bygda no 

Historia 
 

 
 
 


Bygda no. 

 
 
I dag er Nesflaten ei levande bygd med oppvekstsenter, ( skule og barnehage ) butikk med apotekutsal og post, ei stor bedrift ; Hydro Energi, turistanlegg, gardsbruk og ikkje minst ein flott gjeng ungar og aktive, positive vaksne. 
Dugnadsånden er levande – etter at ”Kraften” selde samfunnshuset til bygdefolket for kr. 1,- , skal ein no igong å rive, byggja oppatt og driva huset sjølve. Nokre kontantar får vi på kjøpet + ein slump frå kommunen. 
I tillegg skal vi byggja skytebane. Bygda har sjølvsagt ein stor gjeng ivrige jegarar. Dei må avleggja skyteprøve kvar sommar, og når miljøstyresmaktene krev ordna forhold er det berre å gå igong. Pytt sann – nokre bidreg med tømmer, andre med sand og nokre spikrar og resten koker kaffe— 
Var det nokon som sa at dugnadsånden var død ? 

17. mai – feiringa her er eit anna døme på det. Alle innbyggjarane mellom 17 og 60 år står på liste og om lag kvart 7. år er ein med i komiteen. Dei utvalde 16 har ansvar for heile dagen. Det mest spesielle er kan hende  at heile bygda et middag saman på samfunnshuset. Det er dekka bord til om lag 250 og det serverast vanlegvis "steik” i ein eller annan fasong. Etterpå er det leikar for store og små – korpskonsert, barneleikarringen syner seg fram og alle får kjøpa så mykje is og brus dei orkar. 
Etter ein kort pause er det på´n igjen med kveldsete. Då står komiteen for underholdning frå scenen og i salen sit eit velviljug, men kritisk publikum – er dei betre enn dei i fjor, tru ? Kvelden vert vanlegvis avslutta med dans ut i dei små timar. 
- Dette konseptet er vi åleine om i Suldal, men gjev det gjerne vidare  til andre små samfunn. 

Til dagleg synest nok ungdomsskueelevane våre at staden er litt kjedeleg, men dei er flinke til å halda saman og finna på ting i lag. Også her er data og TV blitt populære aktivitetar. 
Spør ein kva dei ønskjer seg mest av alt, er svaret .. ja, gatekjøkken !! 
 

Tilbake
 
 Berit Myrland