"Å læra ved å gjera det."
"Eg lovar å arbeide mot det mål å
verta ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse.
"
I 1989 fekk miljøet i Øvre Suldal ein tilvekst.
Ein tidlegare 4H-ar som allereie hadde budd mange år
på Nes, starta opp 4H arbeid. Interessa var veldig stor, men nokre
fall frå då det synte seg at her måtte dei yta noko sjølve.
Andre året sank medlemstalet frå 22 til 13, men seinare har
det stige att – no er om lag alle ungane i den aktuelle alderen med.
I løpet av desse åra har 10 ungdomar fått
Plaketten som syner at dei har stått løpet ut.
Det viktigaste innhaldet i arbeidsåret er 4H oppgåva.
Her kan kvar enkelt velja ut frå interesse og lyst. Om dei treng
det får dei ein oppgåvehjelpar, men tanken er at dei skal gjera
arbeidet sjølve. Til arbeidet høyrer ei oppgåvebok,
denne skal førast ettersom arbeidet skrid fram. Alt leggjast fram
på Haustfesten. Då fell domen; vert oppgåva godkjent
? Det blir ho vanlegvis, og stolte foreldre og andre bygdefolk går
rundt og fortel kvarandre kor flinke ungar vi har.
Frå 1990 har kommunenemda for 4H i Suldal hatt
eit fellesprosjent som heiter ”Reint vatn”.
Kvart femte år tek dei omfattande prøvar
i ferskvatn og sjøen. Finn dei noko skummelt, vert kommunen varsla.
Dette arbeidet har avdekka, og ført til utbetringar i nokre tilfelle.
Fjellbjørka 4H har og sine eigne prosjekt, Dei
samlar inn plast frå landbruket, dei ryddar strendene innerst ved
vatnet kvar vår. Når 17. Mai er over kjem årets bygdedag
, og mange av hagegartneria og utstyrslevrandørane i nærleiken
dukkar opp. Då veit alle at no er det tid for sommarplanter og fornying.
I tillegg er det leikar og konkurransar, kaffe og lappar – og mykje liv
og leven.
Eit viktig element i 4H arbeidet er kurs og leirar.
For å læra organisasjonsarbeid vert det arrangert
styrekurs kvart år. Når ein veit at styreverva går på
omgong mellom medlemmene, vil dei aller fleste medlemmene få med
seg minst eitt slikt kurs. Det er noko å ta med seg vidare !
Kvart år er det eit såkalla storkurs. Det
er eit helgekurs der mange av oppgåveemnene vert teke opp og medlemmene
kan arbeide intensivt med dei.
Dei yngste, aspiantane, får kvar vår tilbod
om leir. Det er gjerne 2-3 kommunenemder som saman arrangerar slik leir.
Ungane slepp å reisa langt, men treff andre og knyt kontakter.
Juniorar og seniorar får tilbod om fylkesleir.
Kvart andre år er det landsleir eller Nordisk leir.
Medlemmene i Fjellbjørka 4H er trufaste deltakarar
på kurs og leirar.
Vi er stor takk skuldig til Oddny Sjøvoll som
har drive dette arbeidet desse åra, ho har verkeleg vore med på
å gje barn og unge ei meiningsfull fritid og ungdomen ei verdfull
ballast med seg vidare. TAKK !
|
|