Tilbake til heimesida 
 

 

 Ungdomslaget 
 
 Idrettslaget 

 Skyttarlaget 

 4 H 

 Korpset


Ungdomslaget. 

Ungdomslaget har eksistert på Nesflaten sidan 1921. Då var ungdommane lei av å danse rundt om i stovene. Dei skipa då eit lag, og sette seg føre å byggja sitt eige hus. Dei starta og ei avis, Nesbuen, som alle kunne skriva i. Allereie i 1922 stod ungdomshuset ferdig, bygd på dugnad, men med eit banklån på 5000 kroner. 
Ungdomane samla seg kvar søndag, Ei veke var det leik og lagsmøte, neste veke dans. Dei inviterte foredragshaldarar og dreiv folkeopplysing. 
 Allereie i 1894 blei Nesflaten Ungdomsforening skipa, formålet var folkeopplysning. Dei kjøpte inn bøker som vart lånte ut. Altså ei bibliotekverksemd. Dei hadde og ei avis: ”Framtid”.Her blei dei merkeleaste tema diskutert, m.a. om gutene på Nes drakk for mykje. Då desse avisene dukka opp etter ein ryddeaksjon, fann ein snart ut at her var mykje lokalsoge samla. Ein tok til å leite i dei andre skulekrinsane der ein visste at det hadde vore ungdomslagsverksemd, og fann protokollar der og. I desse dagar vert utdrag av dette gjeve ut i ei bok på om lag 600 sider, den har fått namnet ” Kvervaminne.”  
I 1950- åra stilna aktiviteten  av, huset vart overteke av eit husstyre, det er i dag lite brukt, men vert leigd ut til ulike arrangement. 
I anleggstida tok aktiviteten seg opp att. Eit folkedansinteressert ektepar fekk nyss i at det eksisterte ein ”Suldalsspringar”. Dei la ned mykje arbeid i å ta han i bruk att. I dag lærer alle ungar denne dansen i leikarringen. Noregsmeistrar i dansUngdomslaget har fostra 2 Noregsmeistrar i dans. 
No lærer ungane fleire dansesjangrar, også moderne dans, og dei fleste ungane går trufast på øving kvar veke.  
I dag er ungdomslaget eit svært så aktivt lag som driv mykje miløarbeid i bygda. Tidleg på vinteren samlast alle frå 0 – 95 år til bygdakveld. Før kvelden har mange flittige hender vore i sving. All mat er tradisjonell gardskost, så her er det mogeleg å teste ut smakssansane.  
Etter mat er det leik og dans for absolutt alle, dei minste dansar til dei sovnar på ein stol. Når kvelden er slutt, er det berre å ta til å gle seg til neste år. 
På våren er den store grilldagen. Då kjem ”dampen” opp vatnet med gjester frå andre bygder, dei blir møtt på kaia av hesteskysskarar som fraktar dei opp til samfunnshuset. Der er det berre å leggja i seg, prata med kjente og ukjente, undersøkja om det er noko brukbart på loppemarkedet eller by over alle på auksjonen. 
I byrjinga av desember samlast bygdefolket til familiejulebord. Det er triveleg sånn litt før julestria sett inn for alvor. 
Eit litt spesielt arrangement er kyrkjemiddagen  ein gong ut på våren. Det er eit samarbeid mellom menighetsådet og ungdomslaget.  
  
 
 
 Berit Myrland