|
|
|
|
I
1970 var bygdefolket lei ”hermetisk ” musikk 17.mai. Til då køyrde
ein pick-up med kasettspelar framføre toget, men no ville dei ha
skikkeleg hornmusikk. Ein av dei tilsette på ”Kraften” tok initiativet
og starta opp, han blei og den første dirigenten. Korpset fekk overta
gamle instrument frå Røldal og foreldre og barn tok til å
øva saman. Nokre av dei vaksne heldt fram etter at alle ungane deira
var ute av redet.
Etter nokre år var det pengar nok til nye instrument, og like før 1990 fekk dei eigen fane. I dag har korpset 14 medlemmer og 4 aspirantar. Dei spelar sjølsagt 17.mai, så er det jule- og påskekonsert. I tillegg speler dei i kyrkja julaften og deltek på Suldalsstevnet kvart år. Slikt blir det medaljer av. Frå år til anna dreg dei på tur, denne sommaren planlegg dei tur til Kristiansand. |
||
|