Tilbake til heimesida 
 

 

 Jordbruk 
 
 Hydro Energi 

 Mentor 

 
 
 


Hydro Energi. 

Ein draum eller eit mareritt ??

Vassrettane i Øvre Suldal og Røldal var kjøpt opp av ”kapitalistar”. 
Ein stad i Noreg sat ein ingeniør og la planar og teikna: 
Om ein senka Suldalsvatnet 60 – 70 meter, ( det ligg på oml.70 m.o.h.) slo kanal frå vatnet ned til Hylen slik at store båtar kunne gå igjennom; då kunne ein byggja gødselfabrikk eller aluminiumsfabrikk her oppe. På teikningar kan ein sjå fabrikkane teikna inn i Roalkvam. 
Korleis hadde det då sett ut, tru ? 
- Ein liten by som Odda eller Sauda, eit heilt anna naturlandskap og ….. 
I alle fall, planane vart aldri ein realitet. 

Kva vart det ?

Då Hydro i 1951 tok til å kjøpa opp vassrettane og planleggja var det berre kraftproduksjon som var på tale. 
I dag er det 7 stasjonar i drift, 3 i Øvre Suldal og 4 i Røldal. 
Det er tilsett oml. 70 personar, ikkje alle i fulle stillingar. Etter som kommunikasjonane har vorte betre, treng ikkje folk bu på staden. Det har ført til at nokre pendlar t.d. frå Odda. Dette er ikkje heilt bra for lokalsamfunnet, men spelar liten rolle for bedrifta. 
Likevel, ”kraften” er hjørnesteinsbedrifta her oppe, sjølv om det ikkje lenger er sjølvsagt at alle som tek utdanning som elektrikar får jobb. 
Då Hydro omorganiserte og samla all sin kraftproduksjon i ein divisjon vart Røldal-Suldal Kraft A/S til Hydro Energi, Røldal –Suldal. Den årlege produksjonen ligg på 2,7 TWh. 
I 1966 vart det oppretta eit næringsfond på ein million kroner. Overskotet delast ut etter søknad, og er meint som eit tilltak for å hjelpa andre i gong med ny næringsverksemd. 
Elles er bedrifta flink til å støtte opp under det lokale frivillige arbeidet. 
 
 
Tilbake
 
 Berit Myrland