Tilbake til heimesida 
 

 

 Jordbruk 
 
 Hydro Energi 

 Mentor 

 
 
 


Jordbruk. 

Sjølv i dag spelar jordbruket ei stor rolle for livet og busettinga i Øvre Suldal. Utan aktive gardbrukarar ville ”kvervane” vore heilt avfolka, og sjølv Nes ville sett noko annles ut. I dag er det berre nokre få som driv som heildagsbønder, og ofte har også dei noko attåt, men likeval har vi fleire veldrevne små gardar rundt oss. Landskapet  er som skapt for utmarksnæring, derfor er sauen det viktigaste husdyret. Dei blir sleppte til fjells når beitet er der, og samla ein gong ut i september. 
Sauehaldet har berre ei ulempe, det er nesten uråd å drive aktivitetar i tida når sauen lemmer, og i den tida når bonden går med væren. 
I tillegg til sauen driv nokre med kjøtproduksjon; storfe og gris, nokre driv eggproduksjon og mange har ein hest på stallen, dei fleste berre for kos. 
Kommunen stør opp under jordbruket ved å yta diverse tilskot ut over dei statlege, dei siste åra har bøndene blitt oppmuntra til å driva skogen meir effektivt og tilskot er blitt gjeve til skogsvegar. 
Ungdom som tek over gardane får eit oppstart-stipend frå SUS på kr.30.000, det er faktisk ein del ungdom som i desse dagar overtek, og dermed signaliserar at dei gjerne vil bu her. 
Dei siste 2-3 åra har vore vanskelege. Då vi fekk det første utbrotet av scrapie, ein uhelbredeleg hjernesjukdom, og styresmaktene forlangte nedslakting av alle kontaktbesetningar, vart nesten alle sauane i Øvre Suldal slakta. Det har vore ei tung tid etterpå. No har dei aller fleste fått nye dyr, men det har blitt mykje ekstraarbeid med gjeting for å venne nye dyr til å gå der dei skal. 
I heile kommunen mista vi meir enn 50% av alle sauane. Heldigvis er det verste over no. 
Det store ønsket for politikarar og bønder er ikkje nødvendigvis store gardar, men  lys og folk i husa. Dette går noko på tvers av den offisielle jordbrukspolitikken, men det er slik vi vil ha det !  
 
 
 Berit Myrland