|
|
|
|
| I kvar av grendene er det grendautval, desse ligg under
rådmannen og har sekretær i omlag 10 % stilling.
I Øvre Suldal skal det vera representantar frå "kvervane". Tanken er at dei skal arbeida for saker som er spesielle for bygda, melde saker som treng politisk handsaming, - vera det vakne auget. Men dei skal og arbeide sjølvstendig med saker som er viktige. Nå er det nærmiljøtiltak som står på dagsorden. Vi har eit kaiområde som tidlegare var sentrum. Hit kom båten, butikken var her og bussen stoppa her. Nå er butikken flytta, bensintankene er borte og området ligg der, slett ikkje pent. Dette ønsker ein skal bli det felles uterommet for oss sjølve, og ei lita perle for turistar. I arbeidet treng ein samarbeidspartar, både vegvesen, kommunen og grunneigarar er med i planarbeidet. Mykje av arbeidet skal gjerast – ja, sjølvsagt – på dugnad. Elles arbeider dei med vegskilting, rassikring, fordeling av kulturmidler og mykje, mykje meir. |
||
|