Tilbake til heimesida 
 

 

 Idear 
 
 Partia 

 Grendautval 

 
 
 


Politiske Idear. 

Suldal Kommune er ein rik kraftkommune, vi har lite lånegjeld pr. innbyggjar og har bygd opp gode tenestetilbod for alle. Avdi kommunen er så stor, er det desentraliserte tilbod innan eldreomsorg og undervisning.  
Kommunen er organisert i 8 tenesteområder, desse rapporterar direkte til rådmannen, men vi har 3 hovudutval som styrer det heile politisk. 
 Som ein liten, fråflyttigstruga kommune i utkanten av utkanten, må vi gjera noko ekstra for å halda på dei menneska som bur her, og helst få nokre til å flytta hit. Kva gjer vi ? 
Det er oppretta eit næringsutviklingsselskap, SUS som har ansvar for å styrka og utvikla næringslivet. Dei hjelper ungdom i gong med bedrifter, set opp næringsbygg og støtter opp med kurs og rettleiing. 
Det er gjort politiske vedtak om 0 – konsesjonsgrense. Det vil seia eit forsterka krav om bu- og driveplikt. Hus som har vore heilårsbustader skal ikkje kunne seljast som fritidsbustader. 
Eldre gardbrukarar utan livsarvingar blir oppmoda om å selja gardane. Det syner seg at interessa for å kjøpa småbruk er tilstades.  
Det vakte oppsikt i kommune-Noreg då kommunen gjekk inn å kjøpte eit gardsbruk for å hindra at det blei tilleggsjord. Kommunen selde garden vidare til ein familie, dermed fekk kommunen 4 nye innbyggjarar, og den  verneverdige, kulturstaden Hylen fekk eit sjølvstrendig liv. 
I desse dagar er kultur eit satsingsområde. Kommunen er vertskap for 4 distriktsmusikere, desse betyr mykje for musikkskulen og korpsa våre. Vi arbeider med planar om å byggja kulturhus og oppretta kulturskule. 
Elles har arbeidet med å styrkja den vidaregåande skulen høg prioritet. 
Vi føler at vi lykkes i noko av det vi arbeider med, men alderssamansetninga med ei stadig eldre befolkning, gjev grunn til ekstra innsats. 
 
 
 Berit Myrland