|
|
|
|
| Skulen har no 39 elevar fordelt på 10 trinn. Han
er organisert som tredelt barnetrinn og udelt ungdomstrinn.
Skulen har om lag 6 stillinger, men fleire tilsette. Barnehagen har 10 barn i eit 2 eller 3 dagers tilbod. Til no har det vore eit 6 timers tilbod, men frå hausten vert barnehagen eit fulltidstilbod med fleire val for foreldra. Kva vi driv med ?Først og fremst det same som alle andre skular. Vi skal kome gjennom pensum, ta i bruk dei nye arbeidsmåtane, gje elevane eit trygt læringsmiljø og førebu dei på hybeltilveret om ventar dei etter 10. klasse.Kan hende er det likevel noko ekstra… I mange år har vi arbeidd bevisst med å styrka sjølvkjensla til kvar enkelt. Då me skulle velja ”Skulen sitt val” etter reform –97, vidareførte vi dette og valde ut frå det. Vi trenar elevane i å stå fram for andre, leie festar og opptre i små og store samanhengar. Gjennom trening på morgonsamlinger og juleavslutninger blir dei trygge nok til å halde tale ved bautaen 17.mai, lede den årlige kulturkvelden og opptre på dei ulike arrangementene i bygda. Vi driv og eit aktivt friluftsliv med turar haust og vinter. I fleire år har har ungdomstrinnet kartlagt fisken i Suldalsvatnet. Haust og vår driv dei prøvefiske med garn av ulik maskevidde. Kvar fisk blir målt og vegd, dei reknar ut kondisjonsfaktoren og samanliknar data frå år til år. Dette arbeidet skal vera med i ei vurdering av mengden og kvaliteten på fisken i vatnet. Kommunen si miløvernavdeling har fått overlevert desse opplysningane. Alt blir gjort i nært samarbeid med grunneigarane. Til slutt ei forteling om korleis databruk kan gje praktiske resultat i skulekvardagen. Tysklæraren vår slutta etter nokre år, og ei av dei andre måtte ta over. Ho følte seg litt usikker, særleg på det munnlege, men fann ei løysing. Via internett etterlyste ho tyskspråklege som kunne ofre nokre veker hos oss. Og – ho fekk napp. Våren –97 kom Irene, ein student frå Tyskland. Reisa vart organisert på rimelegaste måte, ho budde privat og brukte tida på å snakka tysk med elevar, men ikkje minst med Wenche. Ta kontakt med ho om de vil veta meir om dette. Denne våren står skulane framføre ei stor datasatsing. Vi skal få nye, kraftigare maskiner, alle skulane skal samlast i nett og det heile er kjempespennande. |
||
|