Tilbake til heimesida 
 

 Oppvekstsenter 
 Struktur 

 Skulen vår 

 Skulen no 
 
 


Skulen vår. 

Då anleggstida tok til for alvor vart det fort klart at den gamle grendaskulen var for liten. Ny skule stod klar hausten 1963. Han var stor og flott samanlikna med den gamle skulestova som var der, men likevel nøktern. Der var ikkje gymnastikksal eller andre spesialrom, men ettersom  det var den gamle folkeskulen som flytta inn, gjekk det godt nokre år. 
Mot slutten av 60 – åra var den store skulereformen med 9-årig skule innført i mange kommunar, Suldal hang etter, mykje på grunn av den private realskulen på Sand. Den skulle avviklast, og det politiske vedtaket om ungdomskule gjekk ut på at det skulle byggjast sentralskule på Sand med internat for elevane frå Nes. Nes var einaste bygda som ikkje hadde vegutløysing. 
Då vart det uro i bygda ! 
Skulesjefen stod på bygdefolket si side i kravet om sleppe internering, og etter mange møter på høgt nivå, vart det vedteke at ein skulle få ei forsøksordning med ungdomskule på Nes.  
Ved skulestart i 1969 var denne prøveordninga sett i verk ved at 7.klasse følgde den nye læreplanen. 
No måtte ein ha fleire rom og neste byggjetrinn stod ferdig i 1970. Enno mangla ein gymnastikksal. Den og nye, tenlege formingsrom stod ferdige med den siste utbygginga i 1987. 
I 1978 starta den kommunale korttidsbarnehagen. Den hadde ikkje eigne lokaler, men i 1986 stod den nye barnehagen ferdig ved sida av skulen. I dag heiter det Nesflaten Oppvekstsenter. 
 
Tilbake
 
 Berit Myrland